Arbeid og aktivitetArbeid og aktivitet tilbyr tilrettelagde arbeids- og aktivitetstilbod for personar med utviklingshemming over 18 år. Sist endra 02.03.2026 13.39 Vi har fleire avdelingar i Ålesund kommune, både aktivitetsavdelingar og produksjonsavdelingar. Avdelingane har faste oppgåver og vekeplanar for å skape føreseielege dagar.Arbeid og aktivitet, avdeling sentrum Bogneset – aktivitetstilbodBogneset er den største aktivitetsavdelinga vår i Ålesund. Her er det fleire grupper og faste vekeplanar som gir føreseielege dagar. Avdelinga blir òg nytta på ettermiddag og kveld for personar som har heildøgnstilbod. Besøk avdelinga på Bogneset for å sjå korleis den ser ut.KontaktAdresse: Hatlasvingen 46 Aktivitetestilbod 1Aktivitetestilbod 2 Aktivitettstilbod 3 (utegruppa)Haug – aktivitetstilbodPå Haug har vi eit aktivitetstilbod med faste opningstider og vekeplan. Tilbodet kan passe for deg som ikkje har behov for aktivitetstilbod kvar dag, og/eller som kjem med eigen bemanning.KontaktHaug aktivitetstilbodAdresse: Haugvegen 29Åsemulen – aktivitetstilbodÅsemulen er ei nyare aktivitetsavdeling. Tilbodet er under etablering/vidareutvikling, og blir tilpassa deltakarane sine behov.KontaktÅsemulen aktivitetstilbodAdresse: Åsegardsvegen 17Skansen 1 – produksjon/arbeidSkansen 1 er ei produksjonsavdeling med varierte arbeidsoppgåver. Her kan det vere delproduksjon, praktiske oppgåver og oppdrag for andre verksemder/aktørar. Besøk avdelinga Skansen arbeid og aktivitet (1) for å sjå korleis den ser ut.Kontakt Skansen arbeid og aktivitet 1 Adresse: Sorenskrivar Bulls gate 15, 1. etasjeSkansen 2 – tekstil og butikkSkansen 2 produserer mellom anna med tekstil og handarbeidsprodukt. Avdelinga har òg butikkutsal knytt til produkta som blir laga. Besøk avdelinga Skansen arbeid og aktivitet (2) for å sjå korleis den ser ut.KontaktSkansen arbeid og aktivitet 2Adresse: Sorenskrivar Bulls gate 15, 3. etasjeSydvesten / butikken – butikk og produksjonSydvesten er butikken vår med sal av produkt som blir laga i avdelingane. Det kan òg vere produksjon og arbeidsoppgåver knytt til butikkdrift. Besøk butikken for å sjå korleis den ser ut.KontaktSydvesten/butikken Adresse: Storgata 23Arbeid og aktivitet, avdeling Nordre Prestemarka dag- og aktivitetstilbod På Prestemarka dagtilbod har vi ei aktivitetsavdeling og to produksjonsavdelingar.Gruppe aust - ei lita aktivitetsavdeling med ulike aktivitetar på vekeplanen. Fargeskrinet - denne avdelinga driv i hovudsak med produksjon av ulike tekstilar og tennbrikettar. Gården/verkstaden - denne avdelinga driv med treproduksjon i høgtider, papp handtering, vaktmesteroppgåver i verksemda, oppgåver for Ålesund kommunale eigendom, ved produksjon og utfører ulike tenester vi treng for at drifta skal gå rundt. KontaktAdresse: Nedreskodjevegen 10, SkodjeGruppe aust Garden Fargeskrinet LeiingVerksemdsleiar: Stine LøvoldAvdelingsleiar avdeling sentrum : Trine HeggenAvdelingsleiar avdeling nordre : Solveig Marie Sandbukt Søk etter kontaktinformasjon