eKommune Sunnmøre

Kommunane Ålesund, Haram, Sula, Giske og Fjord er med i «eKommune Sunnmøre». Dette er eit Offentleg-Offentleg samarbeid (unntak frå kommunelova). I eit slik type samarbeid er alle leverandører, men av forskjelleg omfang. 

Målet med samarbeidet er å gi kommunane gode, framtidsretta og kostnadseffektive løysingar. Dette vil igjen sette kommunane i stand til å kunne levere endå betre tenester til innbyggjarane, i tråd med forventningane om ei døgnopen forvaltning.

Samarbeidet delast inn i to samarbeidsområde:

  1. IKT Drift
    Desse driftstenestene vert hovudsakleg levert frå Ålesund kommune v/IKT Avdelinga i verksemda teknologi og Innovasjon.
  2. IKT og digitalisering innanfor fagområda.

 

Ålesund leverer i tillegg IKT-driftstenester til andre eksterne verksemder som er sterkt knytt til Ålesund kommune, slik som:

  • Sentralt datasenter 
  • Infrastruktur 
  • Server- og applikasjonsdrift 
  • Klientdrift (PC-ar, nettbrett, mobil) 
  •  Identitetshandtering 
  • Sikkerheit og innhaldskontroll 
  • Utskrift og skanning 
  • Overvaking av tenestene 
  • Kontorstøttesystem 
  • Sentral fillagring og sikkerheitskopiering 
  • IT-brukarstøtte 

Kontakt