Utanlandsk søkar

Som utanlandsk søkar må du oppfylle nokre krav for at vi kan vurdere søknaden din på ei ledig stilling.

  • Du må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Søknaden må skrivast på norsk
  • Attestar og vitnemål skal vere omsett til norsk
  • Du må gyldig opphalds- og arbeidsløyve
  • Du må legge ved godkjenning frå NOKUT på utanlandsk utdanning, sjå www.nokut.no
  • Krev stillinga du søker på godkjenning/autorisasjon, må du legge ved denne godkjenninga. Dette gjeld spesielt for helsepersonell. Statens autorisasjonskontor for helsepersonell gir slik godkjenning, sjå sak.no.

Alle stillingar i Ålesund kommune blir lyst ut offentleg via Ledige stillingar

Om opphalds- og arbeidsløyve

Borgarar frå nordiske land har automatisk arbeids- og opphaldsløyve.

Borgarar frå EU og EØS-land treng ikkje søkje om opphaldsløyve, men må registrere seg hos politiet dersom dei ynskjer å opphalde seg i Norge i meir enn tre månader.

Borgarar frå andre land i verden: Arbeidssøkarar frå land utanfor EU/EØS må ha eit skriftleg tilbod om arbeid for å få opphaldsløyve i Norge. Vilkåra for å få innvilga opphaldsløyve varierer i forhold til kva type stilling eller yrke det er snakk om. Les meir på udi.no.

Om godkjenning av kompetanse

Arbeidssøkarar, både norske og utanlandske, som har utdanning frå utlandet, må legge ved ei godkjenning frå NOKUT i søknaden sin.

I enkelte yrke krevjast det ein autorisasjon føretatt av ei offentleg myndigheit for at du skal få jobb i Noreg (for eksempel lærar eller sjukepleiar). Statens autorisasjonskontor for helsepersonell er ei eining under Helsedirektoratet og gir slik profesjonsgodkjenning for helsepersonell.