Kommunen som arbeidsgivar

Her får du oversikt over verdiane våre, kva vi står for, og kva du kan forvente når du jobbar hos oss.

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet.  Sjå ny i Ålesund om du vil vite meir om korleis det er å bu her. 

Å jobbe i ein kommune betyr å jobbe tett på folk, og tett på det som er viktig i kvardagen. Som medarbeidar i kommunen får du ein jobb med tydelig samfunnsverdi. Du bidreg til gode tenester innan helse og omsorg, skule og oppvekst, kultur, miljø, samfunnstryggleik og utvikling. Det du gjer har direkte betydning for innbyggarane sine liv.

Kommunen er ein stor og variert arbeidsplass der du kan:

  • utvikle deg fagleg og personleg
  • bytte retning og få nye utfordringar
  • bygge ein heil karriere utan å bytte arbeidsgivar

Du får ordna og føreseielege rammer, gode ordningar og eit inkluderande arbeidsmiljø der ulike perspektiv gir betre løysingar for innbyggarane.

Ålesund kommune som arbeidsgivar

Ålesund kommune sin visjon er: Nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet. Lokal identitet gir mangfald og skaparkraft – som igjen skaper attraktivitet og styrker kommunen nasjonalt.

Som tilsett i Ålesund kommune møter du ein organisasjon som er open, engasjert og modig. Vi skal vere opne mot innbyggarar og kvarandre, vise engasjement for samfunnsoppdraget og tørre å tenke nytt. Desse verdiane er rettesnora for korleis vi jobbar og samarbeider i kvardagen.

Her kan du lese meir om visjon og verdigrunnlag. 

Likestilling, mangfald og universell utforming

Vi skal vere ein arbeidsgivar for alle, og arbeider aktivt med likestilling og mangfald – forankra i FN sine berekraftsmål Vi skal arbeide for: 

  • likestilling mellom kjønna (5)
  • inkluderande og berekraftig arbeidsliv (8)
  • redusere forskjellar mellom folk (10)

Vi skal fremje likeverd og toleranse, både som arbeidsgivar, tenesteytar og samfunnsaktør.

Mangfald som styrke

Mangfald og likestilling er verdiar i seg sjølv – og ein føresetnad for at organisasjonen når måla sine. Når vi lyttar, samarbeider og er opne for ulike perspektiv, kjem nye og betre løysingar fram. Slik står vi sterkare i ei tid med raske endringar og høgare forventningar til kommunen. 

Rekruttering og kjønnsbalanse

Vi tek omsyn til mangfald i heile rekrutteringsprosessen, frå utlysing til tilsetting. Dette betyr at vi:

  • oppmodar søkarar frå underrepresenterte grupper 
  • vurderer søkarar med funksjonsnedsetjing på lik linje med andre når kvalifikasjonskrava er oppfylt
  • kan prioritere underrepresentert kjønn når kandidatar står likt
  • arbeider for god kjønnsbalanse i leiarstillingar

Status for kjønnsbalanse i Ålesund kommune:

  • 77 % av tilsette er kvinner, og 23 % er menn
  • i tekniske yrke er 74 % av tilsette menn
  • kjønnsbalansen i toppleiinga er jamn
  • på verksemdsleiar‑nivå er fordeling ca. 60 % kvinner og 40 % menn
  • på avdelingsleiar‑nivå er fordeling ca. 75 % kvinner og 25 % menn
  • kvinner tener i snitt ca. 96 % av det menn tener, men årsakene er stort sett knytt til kjønnsfordeling i yrke. 

Vi kartlegg kjønnsbalanse og lønnsforskjellar årleg og set inn tiltak der skilnader ikkje har naturleg forklaring.

Universell utforming

Vi skal sikre at både arbeidsplassen og digital informasjon kan brukast av alle. Difor prioriterer vi:

  • universell utforming i bygg og rehabilitering
  • klarspråk og god struktur i all kommunikasjon
  • alternativ tekst for bilete
  • teksting og tekstalternativ på video og lyd

Arbeidstid, arbeidsmiljø og balanse

Ålesund kommune skal vere ein arbeidsplass der tilsette har ein trygg, føreseieleg og berekraftig arbeidssituasjon. Balanse mellom arbeid og privatliv er ein viktig del av dette.

Heiltidskultur og reduksjon av uønskt deltid 

Uønskt deltid er vanleg i turnusyrke. Om lag halvparten av kvinnene i kommunen jobbar deltid. Vi arbeider derfor aktivt for å:

  • redusere uønskt deltid
  • styrke heiltidskulturen
  • utvikle turnusar som gjer heiltid mogleg
  • følgje utviklinga årleg og rapportere i årsberetninga

Føreseieleg arbeidstid og mindre overtid

Ein god arbeidskvardag skal vere stabil og føreseieleg. Derfor:

  • minimerer vi overtid
  • planlegg vi arbeidsfordeling og belastning
  • sikrar vi ryddige rutinar for ferie og permisjon

Fleksible løysingar der det er mogleg 

Der det passar for tenesta tilbyr vi:

  • fleksitid – med rom for å variere start og slutt på arbeidsdagen
  • heimekontor – når arbeidsoppgåver og tenestekvalitet tillet det

Dette gjer det enklare å kombinere arbeid med familie, fritid og andre omsyn.

IA-verksemd og bedriftshelseteneste 

Ålesund kommune er ei IA‑verksemd. Vi jobbar for å:

  • førebygge sjukefråvær
  • styrke nærværet
  • hindre utstøyting frå arbeidslivet
  • sikre god tilrettelegging

Bedriftshelsetenesta følgjer opp verksemdene jamleg og bidreg til sunne, trygge og helsefremjande arbeidsplassar.

Partssamarbeid og ansvar 

Vi samarbeider tett med dei tillitsvalde. Dette inkluderer:

  • årlege drøftingar om bruk av deltid (AML §14‑1)
  • vurdering av tilrettelegging og arbeidsmiljø
  • arbeid med å redusere belastning og sikre gode arbeidsvilkår

Løn, forsikringar og pensjon 

  • Alle tilsette er omfatta av tariffavtale
  • Vi har forsikringar som dekkjer yrkesskade, ulykker og gruppeliv
  • Vi tilbyr offentleg tenestepensjon i KLP, der arbeidsgivar betaler 8–15 %, og tilsette 2 % Tenestepensjon - kort fortalt" 
  • Ordninga omfattar alderspensjon/AFP, uførepensjon og etterlattepensjon

Læring og utvikling

Vi satsar på strukturert kompetanseutvikling fordi kvaliteten på tenestene våre er avhengig av kunnskapen, ferdigheitene og haldningane til medarbeidarane.

Vi legg til rette for kurs, vidareutdanning og fagleg utvikling.

Ansvar og oppfølging

  • Kommunedirektøren har det overordna ansvaret for likestilling og mangfald
  • Leiarar følgjer opp arbeidet i eigne einingar
  • HR‑avdelinga gjennomfører årleg statusgjennomgang