Nytilsett

I løpet av dei første seks månadene vil du som nytilsett gå gjennom eit introduksjonsprogram. Det skal gi deg den opplæringa, rettleiinga og ressursane du treng til den nye arbeidsplassen din.

Introduksjonsprogram for nytilsette inkluderer:

  • Introduksjon og opplæring i di nye rolle.
  • Mogelegheiter for å få tildelt ein fadder eller rettleiar.
  • Regelmessig oppfølging i løpet av prøvetida.

Vi har òg eit introduksjonsprogram på nett for alle nytilsette som vil auke grunnkunnskapar og forståing om kommunen. Her får du gå gjennom følgande tema:

  • Innleiing med visjon, verdiar, organisering og tenestetilbod.
  • Retningsliner og reglement.
  • Informasjonssikkerheit.
  • Hovudtillitsvalte og hovudverneombod.

Den obligatoriske introduksjonen sikrar deg som nytilsett ein god start i Ålesund kommune.