Kommunen som arbeidsgivar

Dei tilsette er kommunen sin viktigaste ressurs. Derfor er vi opptatt av at våre medarbeidarar skal trivast både i sin daglege jobb og ilag med kollegaene sine. Ei forutsetning for dette er at ein har trygge og ordna rammer rundt seg, og har moglegheiter for personleg og fagleg utvikling.

Løn, forsikringar og pensjon

Alle tilsette i Ålesund kommune er dekt av tariffavtale inngått med arbeidstakarorganisasjonane. Hovudtariffavtalen regulerer løns- og arbeidsvilkåra for alle arbeidstakarane i kommunen.

Tilsette i Ålesund kommune er forsikra mot skadar og ulykker i arbeidet. Forsikringa inkluderer gruppelivsforsikring, yrkesskade - og ulykkesforsikring.

Ålesund kommune har ei av dei beste pensjonsordningane i KLP (Statens pensjonskasse for undervisningspersonale). Pensjonsordninga blir i hovudsak dekt av arbeidsgivar og kjem på toppen av løna. Visste du forresten at Ålesund kommune som arbeidsgivar betalar ein premie som svarar til ca. 8 % –15 % av løna for å finansiere rettigheitene innan pensjonsordninga? I tillegg betaler tilsette sjølv 2 % av løna, og ordninga gir då rett til alderspensjon/AFP, attføringspensjon/uførepensjon, ektefellepensjon og barnepensjon.

Pensjonsordning: "Offentlig tjenestepensjon - kort fortalt" 

IA-verksemd

Ålesund kommune har inngått IA-avtale, og har dermed forplikta seg til å arbeide systematisk for å nå avtalen sine mål om eit meir inkluderande arbeidsliv. Dette inkluderer å førebygge sjukefråvær, auke fokuset på jobbnærværet og hindre utstøyting frå arbeidslivet.

Bedriftshelseteneste

Ålesund kommune har avtale om bedriftshelseteneste. Dei enkelte verksemdene blir følgt opp ca. kvart 5. år med den intensjon at tenesta skal medverke til sunne, helsebringande arbeidsplassar, lågare sjukefråvær og at den enkelte skal få den nødvendige oppfølginga når det gjeld helsemessige problemstillingar knytt til arbeidet sitt.

Fleksitidsordning

Det er mogleg for fleksible arbeidstidsordningar for stillingar der dette kan gjennomførast av omsyn til publikum og interne arbeidsforhold. Tilsette med fleksitid har eit visst ”spelerom” når det gjeld start og avslutning av arbeidsdagen. Normalarbeidsdagen treng altså ikkje vere oppfylt kvar dag; nokre dagar kan du jobbe meir, andre dagar mindre.

Kompetanseutvikling

Ålesund kommune er ein stor og viktig serviceleverandør for kommunen sine innbyggarar. Kvaliteten på dei tenestene som blir levert er i stor grad avhengig av menneska i organisasjonen; deira kunnskapar, ferdigheiter, haldningar og personlege eigenskapar i møte med brukarane. Dette stiller store krav til kompetansen til de tilsette i kommunen.

Ålesund kommune ønsker å gi moglegheiter for fagleg og personleg utvikling for den enkelte tilsette. Derfor blir det satsa sterkt på ei strukturert kompetanseutvikling.