Bli ferievikar i Ålesund kommune

Har du lyst på spennande og meiningsfylt jobb i ferien? Vi har behov for vikarar i fleire tenester gjennom året, særleg om sommaren.

Ålesund kommune har behov for ferievikarar i fleire delar av organisasjonen. Det største behovet er vanlegvis i sommarferien, men vi kan også ha ledige ferievikariat i andre ferieperiodar.

Som ferievikar hos oss får du høve til å bidra i viktige tenester for innbyggjarane våre. Samtidig får du arbeidserfaring, nye opplevingar og innblikk i ein stor og mangfaldig organisasjon.

Kva slags ferievikariat kan du få?

Behovet varierer frå år til år og mellom dei ulike tenestene. Vi kan ha ferievikariat innan mellom anna:

  • helse og omsorg
  • barnehage
  • skule og SFO
  • reinhald
  • kjøkken og mattenester
  • eigedom, drift og vedlikehald
  • tekniske tenester
  • administrasjon og servicefunksjonar

Kva stillingar som er ledige, og kva krav som gjeld, varierer mellom tenestene. Nokre stillingar krev utdanning, erfaring eller autorisasjon, medan andre passar godt for deg som ønskjer arbeidserfaring eller er under utdanning.

Når blir ferievikariata lyste ut?

Dei fleste ferievikariata for sommaren blir lyste ut til, gjerne tidleg på våren. Vi kan også lyse ut ferievikariat i andre ferieperiodar ved behov.

Finn ledige vikariat i Ålesund kommune

Sommarjobb i helse og omsorg

I 2026 søkte vi ferievikarar til helse og omsorg over heile kommunen. Vi tilbydde:

  • varierte arbeidsoppgåver i omsorgssenter, sjukeheim, bustader og heimetenester
  • god opplæring, også for deg som ikkje hadde erfaring
  • bonusordning for ferdig utdanna sjukepleiarar og vernepleiarar
Hender. Ein pleiar hjelp ein eldre person.

Kvifor jobbe i Ålesund kommune? 

Sjå korleis det er å jobbe i Ålesund kommune

Og når du ikkje er på jobb? Sjå korleis det er å bo og leve i Ålesund!

Artikkelliste