Bli lærling hos oss

Vil du ha ein praktisk og meiningsfull start på karrieren, med lønn undervegs og ekte arbeidserfaring i eit trygt og støttande fagmiljø? Søk læreplass hos oss innan 2. mars 2026.

Kvinneleg lærling helsefag - Klikk for stort bilete Kristin Graskopf Ose

Leah Kristin er 2. års lærling i helsearbeiderfaget ved Skarbøvik sykehjem og brenn for faget. Ho oppfordrer deg til å bli lærling i Ålesund kommune. 

Som lærling inngår du ein lærekontrakt med ei lærebedrift gjennom opplæringskontoret. Det betyr at du:

  • Jobbar og tener pengar medan du lærer
  • Får opplæring gjennom ekte arbeidsoppgåve
  • Får tett oppfølging av rettleiar og fagpersonar
  • Får moglegheit til å ta fagbrev når du har fullført læretida

Fagbrev er eit offisielt bevis på kompetansen din, og gir deg eit stort fortrinn i arbeidslivet – både hos oss og elles i Noreg.

Kvifor velje Ålesund kommune som læreplass?

Person skrur på PC - Klikk for stort bilete Kristin Graskopf Ose

Hos oss får du:

  • Variert og relevant arbeidserfaring i ekte jobbsituasjonar
  • Eit støttande arbeidsmiljø der du blir sett og får utvikle deg
  • Moglegheit til å bidra til tenester som betyr mykje for folk i lokalsamfunnet
  • Læretid i fag der vi har behov for dyktige fagarbeidarar – mellom anna helsearbeiderfaget, barne -og ungdomsarbeiderfaget, IT-driftsfaget og aktivitørfaget

Fleire av desse faga gir deg gode jobbmoglegheiter etter læretida.

Ålesund kommune er ein stor og mangfaldig arbeidsplass med over 4 500 tilsette. Vi veit at lærlingane våre er morgondagens fagarbeidarar, og vi legg difor til rette for at du skal lære mest mogleg – samstundes som du har det bra på jobb.

Korleis søke læreplass?

Alle ledige læreplassar hjå Ålesund kommune blir lyste ut gjennom Sunnmøre kommunale opplæringskontor, og du søkjer gjennom felles søkjeportal. 

Søk læreplass

Søknadsfrist: 2. mars 2026

Vil du vite meir? 

For meir informasjon, sjå nettsida til Sunnmøre kommunale opplæringskontor