Veterankontakt
Veterankontakten skal bidra til å lette tilgangen til offentlege tenester for veteranane og deira familiar, samt vere ein inngangsportal til kommunen sine tilbod. Samtidig skal kontakten vere ein ressurs for kommunen sine tilsette og kunne lette samarbeidet mellom ulike kommunar, og med frivillige organisasjonar.
Veterankontakt for Ålesund kommune er Bjørn Arild Hatlem. Han finn du på Ålesund rådhus.
Veterankontakt
Veteranplan
Ålesund kommunestyre vedtok 21.3.24 ein interkommunal veteranplan for Ålesund, Sula og Giske.
Tanken bak arbeidet med veteranplanen er å systematisere veteranarbeidet, både overfor veteranane og familiane deira, og i og mellom kommunane. Dette gjeld før, under og etter den internasjonale tenesta for Noreg.
Veteranplan for Ålesund, Sula og Giske
Forsvaret si veteranteneste (FVT)
Forsvarets opne dør for veteranar og veteranfamiliar er der for deg. Både veteranar og veteranfamiliar er velkomne til å sende e-post til veteraner@mil.no eller ringe 800 85 000 – uavhengig av når og kvar tenesta var.
Her møter du eit tverrfagleg team med både militært og sivilt tilsette. Teamet har lang erfaring med å gi råd og rettleiing til veteranar og familiane deira. Dei fleste er også sjølve veteranar frå internasjonale operasjonar.
Aktuelle lenker: