Rådgivande eining for russakerRådgivande eining for russaker gir rettleiing, råd og generell informasjon til personar som blir pålagde møteplikt av påtalemakteneMålgruppePersonar som blir tatt for bruk, erverv eller innehav av mindre mengder narkotika til eigen bruk, kan av påtalemakta og politi bli pålagt å møte for den kommunale rådgivande eininga (jf. straffelova § 37-k). TilbodDen rådgivande eininga skal gi personen rettleiing, råd og generell informasjon om helsefare og risiko ved rusmiddelbruk. Eininga skal og informere personen om moglege og relevante hjelpetiltak. Ved samtykke skal eininga bistå personen til vidare hjelp, oppfølging eller tilvising, basert på behov av tiltak/teneste.Eininga skal utføre rusmiddeltesting dersom dette er sett som vilkår av påtalemakta.Les meir om vilkår og rutinar for oppmøte og ruskontroll hos rådgivande eining for russaker på helsedirektoratet.noKontaktRådgivande eining i Ålesund kommune er organisert som ein funksjon lagd til fagpersonar i ulike tenester. Saker til eininga vil bli vurdert og fordelt ut frå kva som sannsynlegvis vil vere beste tilpassing/tilgjenge for personen.Postadresse: Rådgivande eining for russaker, Familiestøttande teneste, Borgundfjordvegen 116, 6017 ÅlesundDigital postKontaktperson: Randi Vartdal Knoff Sist endra 03.06.2024 10.19