Innsette i fengsel har rett til dei same helsetenestene som resten av befolkninga.
Om tilbodet
Kommuna som fengselet ligg i, skal sørge for at innsette i fengsel har tilgang på helsetenester som:
- allmennlegeteneste
- legevaktordning
- sjukepleieteneste
- fysioterapiteneste
- jordmorteneste
Tilbodet omfattar m.a.
- helseundersøkingar
- behandling og utarbeiding av individuell plan
- legemiddelassistert rehabilitering
- tannbehandling
- førebyggjande tiltak
- grupperetta tiltak og informasjon
- miljøretta helsevern
- tilrettelegging for tida etter lauslating
Pris
Innsette har rett til nødvendig helsehjelp i den kommuna fengselet ligg. Tenesta er gratis.
Sist endra 25.11.2024 12.52