Vaksinar til barn og unge

Vaksinasjon av barn og unge foregår på helsestasjonen og i skulehelsetenesta i kommunen.

Helsestasjonen sender ut innkalling til vaksinering, og denne vert gjennomført i tråd med detr nasjonale barnevaksinasjonsprogrammet.

  • Vaksinasjonen startar vanlegvis når barnet er 6-8 veker gammalt.
  • Sidan fleire av sjukdommane det blir vaksinert mot rammer dei yngste barna hardast, bør ein unngå forseinkingar.
  • Oppfriskingsdosar blir gitt i skolealder.
  • Alle vaksinar i barnevaksinasjonsprogrammet er gratis.
     

Les meir om barnevaksinasjonsprogrammet på Folkehelseinstituttet (FHI) sine nettsider

Kva vaksine har barnet fått? 

På Helsenorge.no - Mine Vaksiner kan du logge deg på for å sjå status på vaksinar gitt til dine barn som er under 16 år. H

Sidan helserettsleg myndigheitsalder i Norge er 16 år, har ikkje foreldre tilgang til barna sin vaksinasjonsstatus etter fylte 16 år.  Dersom du er mellom 16 og 18 år, men har ikkje fått deg Buypass ID,  kan du bestille vaksinasjonskort direkte frå Folkehelseinstituttet.

Vaksinar for vaksne

Her finn du informasjon om vaksinar for vaksne.