TuberkulosekartleggingFlyktningar, asylsøkarar og personar frå land med høg tuberkuloseførekomst må undersøkast for tuberkulose ved opphald over tre månader i Norge. Sist endra 04.02.2025 16.11 Sjå kva land som har høg førekomst av tuberkulose.I flytskjemaet i linken under kan du få meir informasjon om undersøkinga.Rutineundersøking for tuberkulose når du kjem til Norge.Kartlegging av tuberkulose når du kjem til Norge, blir enten gjennomført ved fastlegekontor eller hos helsetenester som har dette definert i si teneste. Tenestestader som utfører denne undersøkinga, vil sende deg ei innkalling.Andre:Du må også kontrollere deg for tuberkulose dersom du:jobbar innan helse- eller barneomsorg, og har vore på reise i eitt av desse landa i meir enn tre månaderhar jobba i helsetenester i desse landa, sjølv om opphaldet var kortare enn tre månaderjobbar både i Norge og utlandet over tid, då er det viktig at du tar tuberkulosekontroll regelmessigFolkehelseinstituttet si oversikt over grupper med plikt til tuberkulosekontrollDersom du har plikt til å kontrollere deg for tuberkulose jf. nemde kulepunkt, tar du kontakt med fastlegen din.Forskrift om tuberkulosekontroll