Korleis kan du få oversikt og tilgang til journalopplysningar i HelsaMi
HelsaMi er den digitale inngangen din til helse- og omsorgstenester i Midt-Norge. Du vil ha nytte av denne løysinga som føresett.
I HelsaMi kan du finne ut kven som er helsesjukepleiaren og fastlegen til barnet ditt under «Vis helsekontaktane mine». I tillegg får du tilgang til journalopplysningar og aktuelle timeavtalar.
For å få denne oversikta må du som føresett be om å få tilgang til eigne barn gjennom å fylle inn eit skjema på din eigen inngang til HelsaMi.
Be om å få tilgang til eigne barn på følgjande måte:
1. Meny
2. Skroll til “Deling” og trykk på “Søk om tilgang til barns HelsaMi-konto”.
3. Fyll inn skjema og send inn
Her kan du logge inn på HelsaMi:
- på app’en HelsaMi på mobiltelefon eller nettbrett
- på nettsiden helsami.no
Du loggar på med sikker innlogging med ID-porten (til dømes Bank-ID).
HelsaMi skal utfylle og fungere i tillegg til funksjonane i Helsenorge.no
Føresette har digital tilgang til barns journalar fram til 12 års alder.
Vi skal flytte. Er det noko vi må hugse på?
- Rutinen er at barnet sin journal «følgjer barnet» og blir sendt til skoleheletenesta tilhøyrande staden barnet skal/har flytta til. Dette sikrar kontinuitet i tenestetilbodet og vidare oppfølging av barnet etter flytting.
- Gi oss beskjed dersom de skal flytte.
- Har de nettopp flytta til Ålesund kommune? Ta kontakt med den tidlegare skoleheleteneste for å få sendt barnet sin helsejournal til oss.
Eg er bekymra for eit barn eller ein ungdom. Kva gjer eg?
Sjå her for hjelp og rettleiing.
Orientering om innsynsrett, overføring av journal og SYSVAK
Dokumentasjon og innsynsrett
Alle tilsette i skolehelsetenesta har etter lov plikt til å føre journal. I journalen skal helsepersonell nedfelle helseopplysningar som dei ut frå ei fagleg vurdering finn nødvendig og hensiktsmessig å dokumentere. Journalen skal bidra til at brukaren får ei fagleg forsvarleg oppfølging. Dei føresette til, eller brukaren sjølv, har som hovudregel rett til innsyn og/eller utskrift av opplysningar som omtalar brukaren. Helserettsleg myndigheitsalder er 16 år.
Overføring av journal ved flytting
Når eit barn flyttar, er hovudregel at journal skal overførast til ny skolehelseteneste. Dette skal sikre ei fagleg forsvarleg oppfølging. Dei som har spørsmål i samband med sending av journal, kan ta opp dette med helsesjukepleiar.
Registrering i nasjonalt register
Alle vaksinar barn får gjennom barnevaksinasjonsprogrammet, blir registrert i det nasjonale vaksinasjonsregisteret SYSVAK. Formålet med SYSVAK er å halde oversikt over vaksinasjonsstatus hos den enkelte, samt å følgje med på vaksinasjonsdekninga på landsbasis. Det er ikkje mogleg å reservere seg mot registrering av vaksinar. Ved hemmeleg adresse blir det nytta eigne ordningar. 'Mine vaksiner' gir deg oversikt over kva vaksiner du har tatt, samt vaksinasjonsstatus for dine barn under 16 år. Du kan og skrive ut vaksinasjonskort på norsk og engelsk.