Når ting blir vanskelege kan det virke som om heile verden er i mot deg, og at du er den einaste som har det slik. Det kan vere mange ting som er vanskeleg å handtere aleine. Det aller viktigaste du kan gjere, er å snakke om det med ein vaksen du stoler på. Det kan vere foreldra dine, ein lærar, helsesjukepleiar, trenaren din, eller nokon andre du kjenner. Alle har det vanskelig av og til, og ofte er berre det å snakke om det nok. Psykiske vanskar er svært vanleg, og rundt halvparten av Norges befolkning får psykiske vanskar i løpet av livet.
Når tankar eller kjensler forstyrrar deg så mykje over lang tid at det blir vanskeleg å gjere oppgåver som skolearbeid, fritidsaktivitetar, eller å være saman med vener, er det spesielt viktig at du snakkar med ein vaksen om det. Dette er teikn på psykiske utfordringar som kan trenge oppfølging. Kom gjerne innom helsestasjon for ungdom, snakk med helsesjukepleiar i skolehelsetenesta eller bestill ein time hos din fastlege.
Synes du det er vanskeleg å snakke med nokon ansikt til ansikt om utfordringane dine, kan du bruke Kors på halsen. Dette er eit samtaletilbod frå Røde Kors for alle opp til 18 år. Her kan du ringe, sende e-post eller chatte med ein vaksen du kan stole på, og som ikkje kan sjå kven du er. Tenesta er ope måndag-fredag klokka 14-22 på telefon 800 333 21, eller via chat eller e-post på deira nettsider.
Ung.no har ei rekke gode artiklar om psykisk helse hos barn og ungdom.
På helsenorge.no finn du oversikt over fleire hjelpetilbod på telefon og nett som er nyttige når barn eller ungdom slit psykisk.