Gå til skolen
Vel den tryggaste vegen når de går til og frå skolen. Nokre stader kan stiar, gardsvegar eller liknande være tryggare å gå, sjølv om skolevegen kan bli litt lengre.
Viss du må køyre bil, vurder om du kan stoppe eit stykke unna skolen slik at barnet kan gå det siste stykket åleine eller saman med andre. Trafikken rundt skolen er ofte kaotisk ved skolestart og skoleslutt. Jo fleire som køyrer, dess fleire uoversiktlege og farlege situasjonar blir det for elevane.
Trygg trafikk anbefalar:
- Der det er mogleg bør barna gå til skolen, gjerne saman med vaksne. Frisk luft og fysisk aktivitet gir elevane ein god start på skoledagen.
- Øv på skolevegen saman med barna.
- Foreldre eller andre vaksne kan samarbeide om å følge og henta barna på skolen kvar sine dagar.
Sykle til skolen
Det er foreldra som avgjer om elevane får sykle på skulevegen eller ikkje.
Skolen kan ikkje sette ei grense for når elevane kan sykle til skolen, men sykling åleine på og ved trafikkert veg er ikkje anbefalt før barna er mellom fjerde og sjuande klasse. Før barna syklar åleine til skulen bør dei kunne grunnleggande trafikkreglar, meistre sykkelen godt, ha god balanse og kunne stoppe.
Les råd frå Trygg Trafikk: Sykling på skoleveien - Trygt frem og hjem
Elsparkesykkel til skolen
Elsparkesykkel er tyngre enn vanleg sykkel, og kombinert med stor fart kan det gi lang bremselengd. Dermed vert det spesielt viktig å halde kontroll og justere farta etter tilhøva.
- Aldersgrensa for å køyre elsparkesykkel er 12 år.
- Det er påbod om at barn under 15 år skal bruke hjelm.
- Berre éin person er tillatt på køyretøyet
Sjå regler for elsparkesykler (Vegvesen.no)
Les råd frå Trygg Trafikks om trafikksikkerhet og elsykkel