Elevar i grunnskolen, barne- og ungdomsskolen, kan ha rett til fri skoleskyss.
Du har rett på fri skoleskyss dersom
- du har meir enn 4 km avstand mellom heim og skole. For førsteklassingar er avstanden 2 km.
- du på grunn av funksjonshemming, skade eller sjukdom har behov for skyss, uavhengig av avstanden mellom bustad og skole.
- du har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg, uavhengig av veglengde mellom bustad og skole. Kommunen gjer ei vurdering dersom avstanden er under skyssgrensa.
- det er nødvendig med båt- eller ferjetransport, utan omsyn til reiselengde mellom bustad og skole
- eleven har ikkje rett til fri skoleskyss i samband med SFO og leksehjelp
Les meir om skoleskyssordninga på nettsida til Møre og Romsdal fylke.
For informasjon rundt skoleskyss for vidaregåeande elevar, ta kontakt med din skole.
Sist endra 29.05.2024 10.38