Bytte skole

Elevar får tildelt skoleplass i skolekrinsen der dei har folkeregistrert adresse det året dei fyller fem år. Ønsker du at barnet skal gå på ein annan skole kan du søke om det.

Utgangspunktet for eleven sin rett til skolegong er nærskuleprinsippet, jf oppl. § 8-1 første avsnitt. Det skal særlege grunnar til for å innvilge skoleplass i ein annan skolekrets enn der barnet bur.

I Ålesund kommune vil det i nokre saker vere særlege tilfelle som likevel vil gi eleven rett til å gå på ein skole utanfor eigen skolekrets. Dette kan vere:

  • Eleven har behov som gjer at eleven bør få eit tilbod på ein skole med særleg spesialkompetanse. Til dømes kan dette vere ein skole med kompetanse innanfor språkopplæring for elevar som er nye i Norge, kompetanse innan høyrsle eller kompetanse innan utviklingshemming/autisme.
  • Eleven har søsken ved ein skole (søsken bør få gå på same skole dersom føresette ønsker det, slik at ein kan unngå at ein familie må ha barn ved ulike skolar).
  • Eleven har ein føresett som bur i den skolekrinsen som eleven blir søkt inn i.
  • Elevar som har nedsett funksjonsevne har eit særlig vern med omsyn til bytte av skole, jf konvensjonen for personar med nedsett funksjonsevne, slik at ein må vurdere risiko særskilt i kvart tilfelle. 

I kvar sak må kommunen ta omsyn til skolen sin ressurssituasjon, dvs. skolen sin kapasitet. Dette omsynet kan gjerast gjeldande når skolen sine lokale ikkje har plass til fleire elevar. Kommunen kan då plassere elevar med minst tilhøyrsle  ut i frå andre omsyn, på ein skole med kapasitet. Rettane etter opplæringsloven § 8-1 vil difor ikkje kunne tvinge fram eit krav om utviding av skolen sine lokale. 

Korleis søke

Ta direkte kontakt med nærskolen. Rektor ved skulen vil gi informasjon om vidare saksgang.