FIRST LEGO League

First Lego League er verdas største kunnskaps- og teknologikonkurranse der barn i alderen 10 – 16 skal forske på samfunnsaktuelle utfordringar som er laga spesielt for aldersgruppa deira, og som blir avslutta med konkurransar. 

Kva er FIRST LEGO League? 

FIRST® LEGO® League er verdas største kunnskaps- og teknologikonkurranse for barn og unge. Den har som mål å inspirere dei til å bli morgondagens ingeniørar, forskarar og problemløysarar.

Kvart år får deltakarane eit nytt tema, som dei må løyse ulike oppgåver knytt til. Dei må bygge og programmere ein Lego-robot som kan utføre oppgåver, og dessutan presentere eit forskingsprosjekt om temaet. I tillegg må dei vise at dei følger First Lego League sine kjerneverdiar, som handlar om samarbeid, innovasjon, respekt og moro.

Laga skal så vise fram arbeidet sitt i ein finale og møte andre lag som jobbar med same tema.

På sjølve finaledagen er det ein robotkonkurranse. I tillegg skal laga også promotere prosjektet sitt med ein stand, og dei må presentere prosjektet for dommarar.

Her kan du lese meir om First Lego League

FIRST LEGO League i Ålesund

I Ålesund blir det kvar haust arrangert regional turnering for alderskategorien 10 - 16 år, der alle skolane i Ålesundsregionen blir invitert til å delta. 

I Ålesundsskolen er dette ei satsning for 7. trinn, men turneringa er også open for fleire alderstrinn. 

Elevane jobbar saman som lag i 8 - 10 veker kvar haust, fram til ein regional finale i starten av november. Vinnaren av denne går vidare til den skandinaviske finalen. 

FIRST LEGO League i Ålesund blir arrangert av Newton Møre.