E-TeamsE-Teams er eit digitalt satsingsprosjekt i Ålesund kommune for barn og ungdom i skole og fritid, med fokus på inkludering, folkehelse og livsmeistring. Prosjektet skal løfte barn og unge som har digitale interesser og ferdigheiter, og gi dei høve til å vise kva dei kan, slik at dei opplever anerkjenning for kunnskapen sin i skule og fritid.Kva er E-Teams?E-Teams vil:etablere eit dataspelmiljø tilrettelagt for meistring, tilhøyrsle og inkluderingvere eit gratis lavterskeltilbod der barn og ungdom skal få ein trygg fysisk og digital arenata ein aktiv del i barnas spelkvardag på barna og ungdommens premissVåre gamingromVi har gamingrom med PC-ar, VR-briller og PlayStation på:Volsdalen skoleSkarbøvik ungdomsskoleBlindheim ungdomsskoleVåre tilbodHer er ein oversikt over kva E-Teams tilbyr. Du finn meir informasjon om desse på Facebook-sida til E-Teams Ålesund.SkoletilbodVi tek i mot grupper for pedagogisk aktivitet med dataspel.Fritidstilbod med påmelding JentegrupperGruppetilbod i samarbeid med:AutismeforeningenForebygging og meistringStøttekontakttenestaFritidstilbod utan påmeldingAlle barn i kommunen kan delta.Vi følger skoleruta, så fremt det ikkje blir gitt anna beskjed.Det er ingen påmelding, berre møt opp.Gamingkvelder for 5. - 10. klasse E-teams - gamingkvelder for 5. - 10. klasseDagTidStadMandag17 - 19Skarbøvik ungdomsskoleOnsdag17 - 19Volsdalen skoleTorsdag17 - 19Blindheim ungdomsskole FerietilbodVi arrangerer sommarskole i sommarferien.Korleis kan du ta del?Følg med på Facebook- og Friskus-sida til E-Teams for kunngjeringar og informasjon om tilboda våre gjennom året.For å ta del i fritidstilboda som krev påmelding eller andre spørsmål, ta kontakt med prosjektkoordinator i E-Teams.OrganiseringProsjektet har i dag en prosjektleiar i tillegg til åtte gaming-instruktørar. Sist endra 04.09.2026 15.31