
Målgruppe
Verkstad da Vinci som eit fast program for elevar og lærarar på 5.trinn. Vi tek imot om lag 670 elevar i året til verkstader og om lag 35 lærarar til kurs.
Innhald
Verkstad da Vinci er eit pedagogisk opplegg der elevar og lærarar på 5.trinnet får treffe profesjonelle kunstnarar gjennom kunstnarmøter og verkstadar. Elevane får kome på besøk til Verkstad da Vinci sitt eige kulturrom i Ålesund sentrum!
På Verkstad da Vinci får elevane jobbe med avanserte estetiske læringsprosessar gjennom å møte profesjonelle, skapande kunstnarar som arbeidar innan alle kunstformer som
- visuell kunst
- dans
- teater
- musikk
- performance
- skrivekunst
- animasjon
Kvar klasse for tilsendt eit forarbeid før dei kjem til verkstad, og eit etterarbeid som skulen kan jobbe med på eigenhand.
Verkstadane er òg forankra i dei fleste skulefaga, slik at ein oppnår den tverrfaglege djupnelæringa utdanningsdirektoratet beskriv at skulen skal arbeide for, i Kunnskapsløftet 2020.
Modellen vi nyttar i Verkstad da Vinci skal ivareta skulen sine ønsker og behov, læreplanens formål, samt kunsten sin eigenverdi. Elevane som tek del i verkstadane arbeidar prosessbasert med leik og læring i samhandling, og skal få gode læringsopplevingar der dei får kjenne på mestring!
Invitasjon til kunstnarar for 2025
Har du eit ønske om å utvikle tverrkunstnariske samarbeid og formidle kunst og kreative prosessar til barn? Verkstad da Vinci har gitt kunstnarar oppdrag for skoleåret 2025-26.
Open Call for verkstadsperioden skoleåret 2026-27 blir annonsert våren 2026.
Ein verkstadsperiode består av 33-35 økter med verkstadar til 5.klassingar, gjerne 1-2 verkstader i veka, men her tilpassar vi. Ein verkstad kan vare frå 09.00-13.00 med pausar og lunsj.
Vi ser etter deg som:
- Vil teste ut nye arbeidsformer saman med andre
- Er open for å utvikle din praksis i samarbeid med pedagogar i skolen
- Brenn for å formidle kunst til barn
Alle søknadar blir vurderte, men vi oppfordrar til å søke i par der ein samarbeidar i eit tverrkunstnarisk prosjekt
Vi tilbyr honorarsatser etter Rammeavtalen om vilkår for oppdragstakere i Den kulturelle skolesekken.
Vil du vite meir?
Prosjektleiar for Verkstad Da Vinci er Mariann Bjørkavoll