Denne nettsida skal være til hjelp for føresette som har eit barn som har fått dysleksi-diagnose. Kommunen og føresette skal gjere det dei kan for å leggje til rette slik at eleven opplever meistring og læring på skolen.
Ålesundsskolane skal være dysleksivennlege
Leiinga og lærarane ved alle skolane i Ålesund skal jamleg gå igjennom elevars lese- og språkutvikling og dessutan matematikkutvikling. Det skal være kjent for alle som arbeider i Ålesundsskolen korleis ein kartlegg og følgjer opp elevar som har ei avvikande utvikling og korleis ein følgjer opp elevar som har behov for kompensering.
Skolane må arbeida aktivt og systematisk for å skape eit godt læringsmiljø og ein inkluderande skulekultur.
Plan for lesing skriving og språk (PDF, 3 MB)
IKT-plan Dysleksivennleg skole i Ålesund kommune (PDF, 411 kB)
Plan for kartlegging av elevar i grunnskolen (PDF, 265 kB)
Utgreiing hos PPT
Ei skriftleg vurdering frå PPT dannar grunnlaget for rettane til eleven. Denne inneheld detaljert informasjon om kva eleven har behov for og særleg:
- Har eleven behov for datahjelpemiddel (lesehjelpemiddel og skrivehjelpemiddel)?
- Kva er nødvendig datautstyr (PC, nettbrett)?
- Har eleven behov for lydbøker eller andre former for tilrettelagde bøker?
Korleis kan føresette involvere seg?
Dysleksi kan vere arveleg. Når eit barn har dysleksi, er det derfor sannsynleg at éin eller begge foreldra også har det. I dialog med foreldra må skule og PPT ta særleg omsyn til foreldras eventuelle eigne vanskar.
Kva kan foreldre gjere?
- Ver språkleg aktiv med barnet. Snakk om ting de har opplevd, ting de ser, ord som liknar på andre ord osv.
- Les høgt for barnet, eller lytt til lydbok saman med barnet.
- Spør skolen om opplæring i dataprogramma barnet bruker.
- Vurdér saman med skolen om barnet bør få tilpassa lekser, ikkje lettare lekser.
- Foreldre skal ikkje overta rolla til læraren! Skolen/lærar skal hjelpe foreldre til å rettleie barnet sitt rett.
- Godt samarbeid mellom heim og skule. Læraren har hovudansvaret for at dialogen mellom skule og heim blir god.
Undervisning
Elever med lese- og skrivevanskar har behov for struktur og tydelege beskjedar, tilpassa opplæring, ikkje mindre opplæring. Det skal leggjast til rette for god opplæring av datahjelpemiddel og støttande rettleiing.
Hjelpemidler
Det finst mange gode læremiddel og verktøy for elevar med lese- og skrivevanskar. Det er skolen sitt ansvar å sørgje for at elevane har det han/ho treng tilgjengeleg, og at eleven får opplæring i bruken av desse.
- PC/nettbrett
Barneskole: Treng eleven pc i tillegg til iPad? Snakk med skolen. - Opplesnad/markera tekst
- Digitale lærebøker
- Lydbøker
- Lese- og skriveverktøy
Rettigheter
Stønad frå NAV hjelpemiddelsentralen
Elevar med spesifikke lese- og skrivevanskar kan også søkje NAV om å få stønad til hjelpemiddel, til dømes pc og program til pc. Det finst utfyllande informasjon om dette på NAVS nettsider.
Tilpassa opplæring
Opplæringsloven gir elevane rettar. Rettane er styrt etter behov og ikkje etter diagnose. Alle elevar har rett til ei opplæring som er tilpassa behova deira. Dersom den tilpassa opplæringa ikkje er, eller kan vere tilstrekkeleg til å gi eleven eit tilfredsstillande utbytte, har eleven krav på spesialundervisning.
Fritak og tilrettelagd eksamen grunnskolen (10.trinn)
Eleven kan få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Eleven kan ha rett til tilrettelagd eksamen.