Særskilt opplæring og tospråklege lærarar

Elevar som startar skulegangen sin i Norge med avgrensa ferdigheiter i norsk, og som ikkje kan ta del i den ordinære opplæringa med godt utbytte, blir særskild språkopplæring gitt så lenge dei har behov for det.

Kven har rett på særskild språkopplæring?

Elevar som ikkje kan nok norsk til å følgje ordinær undervisning har rett til særskild språkopplæring.

Kva typar språkopplæring finst?

  • Språkopplæringa kan givast som særskild norskopplæring, tospråkleg fagopplæring og/eller morsmålsopplæring.
  • Særskild norskopplæring er forsterka opplæring i norsk. 
  • Tospråkleg fagopplæring betyr at ein har opplæring i fag på to språk, på norsk og på elevens morsmål, utført av ein tospråkleg lærar. 
  • Morsmålsundervisning er opplæring i og på morsmålet.

Korleis gjerast vedtak om språkopplæring?

  • Skolen må kartleggje og vurdere om eleven har tilstrekkelege norskferdigheiter eller ikkje, og dermed kva slags undervisningstilbod eleven har rett til.  
  • Basert på resultat frå kartlegginga vurderer skolen i dialog med foresatte kva behov eleven har. 
  • Rektor fattar eit enkeltvedtak, der det kjem fram om eleven har rett til særskild norskopplæring, tospråkleg fagopplæring og/eller morsmålsopplæring.
  • Tiltak blir satt i gong. Særskild norskopplæring organiserer skolane selv. Tospråklige timar med tospråklige lærar må skolen bestille frå verksemd integrering.

Skolane brukar Kartleggingsverktøy i grunnleggende norsk (Udir). Alle minoritetsspråklege elevar blir kartlagde og kartlegginga blir dokumentert minst to gongar per skuleår. 

Antal timar som blir anbefalt for tospråklig fagopplæring følger kva nivå eleven er kartlagt på: 

  • nivå 1 i norsk: 2 timer pr. uke 
  • nivå 2: 1.5 timer pr. uke 
  • nivå 3: individuell vurdering

Skolen kan tildele fleire timar ved behov.

Skolar med innføringstilbod/mottakgrupper for nyankomne elever

Heilt ny i Norge? Kommunen tilbyr nytilflytta minoritetsspråklege elevar plass i inntil to år ved ein skole som har mottakgruppe/innføringsklasse dersom skolen har ledig kapasitet og dersom elevar og føresette ønskjer å nytta seg av dette tilbodet. 

Målet med innføringstilbodet er at elevane så raskt som råd skal lære seg tilstrekkeleg norsk til å følge den ordinære opplæringa i norsk skole. 

Følgende skoler i Ålesund kommune har innføringstilbod:

  • Aspøy skole
  • Åse skole
  • Spjelkavik ungdomsskole
  • Skarbøvik ungdomsskole

Tospråklege lærarar 

Ålesund kommune har over 30 tospråklege lærerar i meir enn 25 ulike språk. Lærarane har godkjent lærarutdanning eller anna høgare godkjent utdanning, pedagogisk erfaring frå heimlandet og Noreg, og dokumentert norskkunnskap på nivå B2, som er eit høgare mellomnivå etter ein felles europeisk skala

Det arbeider tospråklege lærarar på alle grunnskolar i kommunen, frå 1. til 10. trinn. Tospråklege lærarar har fleire roller, er bl. a. kunnskapsformidlar, kulturformidlar og brubyggjar, bidreg til godt samarbeid skule-heim og integrering og inkludering av minoritetsspråklege elevar i skolekvardagen og samfunnet.

Ansvar og kvalitetssikring 

Virksomhet Integrering har ansvaret for tilsetting, opplæring, rettleiing, oppfølging og kompetanseheving for tospråklege lærarar. Det er tilsett ein avdelingsleiar for tospråklege lærarar som skal bl. a. veilede og følge opp tospråklege lærarar, sikre kvaliteten av den tospråklege undervisninga og som har etablert gode samarbeidsrutinar for tospråklege lærarar, norsklærarar og kontaktlærarar på skolane.

Samarbeid med NAFO

Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) er ein del av Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studiar (LUI) ved OsloMet – storbyuniversitetet. NAFO skal bidra til at fleirspråklege og fleirkulturelle perspektiv blir varetekne i alle ledd i utdanningssystemet frå barnehage til høgskole- og universitetsnivå. 

Ålesund kommune har hatt tett samarbeid med NAFO i fleire år og stiller med representant i NAFOs kommunale arbeidsutval. Også er fleire tospråklege lærarar aktiv i NAFOs lærarnettverk som bl. a. utviklar fleirspråklege læringsressursar for heile landet.

Ansvarleg for tenesta

 

​