Samisk opplæring

Alle samiske elevar har rett til opplæring i samisk, uavhengig av kvar dei bor i landet. Dette står i opplæringsloven § 3-2 første ledd.

Samiske elevar velg hvilket samisk språk dei skal ha opplæring i - nordsamisk, sørsamisk eller lulesamisk. Fra 1.-7. trinn er det føresette som velg dette. Med same meiner ein dei som blir skrive inn i Sametingets valmantall, jf. Sameloven § 2-6 første ledd, og barna deira.

I Kunnskapsløftet 2020 - samisk (Udir) blir læreplanene beskrive i samisk. 

I fag - og timefordelingen går det fram kor mange timar elevane skal ha i samisk: 

  • Elevar med samisk som 1. språk:
    • 1.-4. trinn: Minst 642 årstimer á 60 minuttar, i snitt 160,5 timer per år
    • 5.-7. trinn: Minst 312 årstimer totalt for trinnet, i snitt 104 timer per år
    • 8.-10. trinn: Minst 284 årstimer totalt, i snitt 94,7 timer per år
  • Elevar med samisk som 2. språk
    • 1.-7. trinn: Minst 608 årstimer totalt, i snitt 87 timer per år
    • 8.-10. trinn: Minst 228 årstimer totalt, i snitt 76 timer per år

Korleis få tilbodet? 

Er du samisk elev og ønskjer samisk undervisning må du melde frå til skolen din. Elevane og føresette veljar sjølv kva for eit av dei tre samiske språka - nordsamisk, lulesamisk eller sørsamisk - dei ønskjer opplæring i, og elevane kan velja samisk som første eller andre språk.

I Ålesund kommune sine kommunale grunnskolar er det nokon få elevar som får samisk opplæring i nordsamisk som 2. språk og kommunen tilbyr fjernundervisning i samarbeid med Kautokeino kommune og Màze skole. Grunnskolar i Ålesund kommune har ansvar for å tilrettelegge undervisningslokaler og å sørge for læremateriell til eleven. Skoler får fagplanar ved skolestart, og halvårsvurderingar i januar og juni frå fjernundervisningstilbydar.

Private skoler kan gi samisk opplæring, men har ikkje plikt til det.

Meir informasjon

Opplæringsloven kapittel 3-2 - samisk opplæring 

Samisk i skolen (udir.no)

Ansvarleg for tenesta