Undervisning i heimenI Norge har barn opplæringsplikt. Opplæringa skal skje i offentleg eller privat skole, eller som undervisning i heimen. Sist endra 15.10.2024 10.36 Vi oppdaterer no rutine for å søke om heimeundervisning. Ta kontakt med din nærskole hvis du har du spørsmål.Dersom du ut frå ideologi eller religion ønsker å undervise barna dine heime, kan du det under føresetnad av at innhaldet i undervisninga følger opplæringslova sine krav.Kommunen fører tilsyn med heimeundervisninga i samarbeid med foreldra og kan også kalle barnet eller ungdommen inn til spesielle prøver. Dersom lova sine krav til heimeundervisninga ikkje er oppfylt, skal kommunen kreve at barnet begynner i skole.KriteriumFormell pedagogisk kompetanse er ikkje påkrevd. Innhaldet i undervisninga må følge bestemmingar gitt i opplæringslova med forskrifter. Privat heimeundervisning må avgrensast mot skoleverksemd. Dersom ein underviser andre sine barn, er det skoleverksemd som må godkjennast av departementet.MålgruppeForeldre til elevar i grunnskolen som ut frå ideologiske og/eller religiøse/livssynsmessige grunnar ser heimeundervisning som det beste for barna.PrisKommunen pliktar ikkje å halde elevane med lærebøker og undervisningsmateriell når dei får undervisning i heimen. Retten til heimeundervisning gir ikkje rett til økonomisk kompensasjon frå kommunen. Elevar som får heimeundervisning har ikkje rett til spesialundervisning.Lover og retningslinerOpplæringslova §2-1, §2-13 og §14-2.LoverFriskolelova OpplæringslovaRetningslinerRetten til privat hjemmeundervisning Om søknadsprosessenDu melder frå skriftleg til kommunen om at du skal starte med heimeundervisning. Ta eventuelt kontakt med skolen i den kretsen du bur.Ansvarleg for tenestaTeam oppvekst