Søke, svare eller endre barnehageplassHer finn du informasjon om barnehageplass for Ålesund kommune.Kort fortaltDu kan søke om plass i private og kommunale barnehagar gjennom heile året. Du kan søke, endre plasstype eller svare på tilbod om plass i Foresattportalen. Søknadsfrist til hovudopptaket er 1. mars. Nytt barnehageår begynner frå august.HovedopptakÅlesund kommune skal sikre alle barn med rett til plass, ein barnehageplass i hovudopptaket. Søknadsfrist for hovudopptaket er 1. mars.Ålesund kommune arbeider for å imøtekome vala i søknad og ønske om ein barnehageplass så nær bustad som mogleg, folketalsveksten og etterspurnad etter barnehageplass er stor i delar av kommunen, noko som gjer at alle ikkje får ønska sine.Tildeling av barnehageplass følger av forskrift om saksbehandlingsregler ved opptak i barnehage §3. Tildeling av plass skal skje i samsvar med fastsette kriterier for opptak som er fastsett i barnehagen sine vedtekter. Foresattportalen Både søknad og all administrasjon av barnehageplassen skal skje i Foresattportalen (oppvekstportalen).Søk om plass, endre plasstype eller svar på tilbod om plass her. Når har barnet rett på barnehageplass? Rett til barnehageplass gjeld i kommunen der barnet bur. Barn utan barnehageplass som fyller eitt år i perioden januar- august har rett til plass i august det året dei fyller eitt år. Barn utan barnehageplass som fyller eitt år i september, oktober eller november har rett til barnehageplass innan utgangen av den månaden dei fyller eitt år. Barn utan barnehageplass som fyller eitt år i desember har rett til barnehageplass førstkommande august etter at dei har fylt eitt år. Eldre barn utan barnehageplass har rett til plass i august. Du kan søke om barnehageplass utan at barnet bur i Ålesund, men barnet må ha bustadadresse i Ålesund ved oppstart. Vedtekter i barnehagar Vedtekter for private barnehagar finn du på nettsida til barnehagane eller ved å kontakte barnehagen direkte. Her finn du vedtekter for kommunale barnehagar. Søk om barnehageplass Søknadsskjemaet om barnehageplass er elektronisk. Det er same søknadsprosess for kommunale og private barnehagar. Du kan velje fire barnehagar i søknaden din. Barnehagane blir prioritert frå ein til fire, ved tildeling av plassar. Du må prioritere kva barnehage du ønsker at barnet ditt skal gå i – sjå oversikt over barnehagane i Ålesund. Ein kan søke barnehageplass gjennom heile året. Søknadsfrist for hovudopptaket er 1. mars. Søk barnehageplass Når får du svar på søknaden? Om du har søkt barnehageplass innan søknadsfristen for hovudopptak, som er 1. mars og har rett til plass. Har vi følgande datoar for utsending av tilbod:1. runde planlagt utsending rundt 6.3.2. runde planlagt utsending rundt 20.3Om du ikkje har fått eit tilbod på nokon av barnehagane i søknaden din, tek vi kontakt med deg frå 2. april.Søker du etter 1. mars eller gjennom året, vil du bli sett på venteliste og få tildelt plass når barnehagen har ein ledig plass. Takke ja til tilbod om barnehageplass Du takkar ja til tilbod om barnehageplass på same stad som du søkte om plass, i Foresattportalen. Lenke til å svare finn du på framsida når du har logga deg inn. Bytte, endre eller seie opp barnehageplass All administrasjon av barnehageplass skal gjerast i Foresattportalen, same stad som du søkte om plass. Bytte barnehage Om du ønsker å bytte til ein annan barnehage, må du legge inn ein ny søknad. Barnet blir då sett på venteliste til barnehagen du ønsker å bytte til. Søk barnehageplass Seie opp barnehageplass Reglar og frist for oppseiing av barnehageplass, finn du i barnehagen sine vedtekter. Sjå heimesida eller vedtektene til barnehagen.Du må rekne med å måtte betale for plassen i oppseiingsperioden.Oppseiing av plass skal gjerast i ForesattportalenDet er berre den føresette som er registrert som føresett nummer 1 som kan seie opp plassen.Seie opp barnehageplass Ansvarleg for tenestaTeam oppvekst Publisert 28.06.2019 08.30 Sist endra 24.01.2025 11.04