Før de kan gifte dykk, må folkeregisteret i Skatteetaten kontrollere om ein oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap i Noreg. Les Skatteetaten sin informasjon for norske og utanlandske statsborgarar her.
Den formelle vegen til ekteskapet blir forklart steg for steg.
Om begge har norsk personnummer, er det raskast å logge seg inn på skatteetaten.no og søke om prøvingsattest elektronisk. Alternativt kan søknad fyllast ut på papir og sendast i posten til det regionale skattekontoret.
Dei kommande ektefellene må fylle ut kvar si eigenerklæring, det samme må forlovarane. På eigenerklæringa skriv de datoen de søker kommunen om, sjølv om tidspunkt ikkje er endeleg avtalt.
Om det er aktuelt, fyll også ut andre skjema, for eksempel melding om endring av namn og erklæring om skifte ved ekteskap.
Forventa behandlingstid i folkeregisteret er minst to til tre veker. Når vilkåra er prøvd og funne i orden, sender Skatteetaten ein prøvingsattest.
Alle spørsmål som er knytt til prøvinga må rettast til folkeregisteret ved det lokale eller regionale skattekontoret.
Merk dykk at det ikkje vert gjennomført vigslar i påskeveka, i sommarvekene 29, 30 og 31 og i veke 51 og 52.