Utekontakten

Utekontakten er eit gratis og frivillig tilbod for ungdom i Ålesund som treng nokon å snakke med, støtte eller hjelp i kvardagen.

Treng du ein trygg vaksen å snakke med?

Utekontakten er eit gratis og frivillig tilbod for ungdom i Ålesund kommune.

Vi prøver å vere tilgjengelege der ungdom er. Du kan møte oss:

  • på skular  
  • på fritidsklubbar  
  • ute i sentrum, på Moa og nærmiljøa i kommunen
  • på arrangement og møteplassar for ungdom  
  • på sosiale medium  

Du kan ta kontakt med oss om noko er vanskeleg, eller berre om du treng nokon å snakke med. Du treng ikkje ha eit stort problem for å kontakte oss. Vi er her for å lytte, støtte og hjelpe dersom du ønskjer det.

Kven kan kontakte oss?

Tilbodet er for ungdom mellom 12 og 18 år som oppholder seg i Ålesund kommune.

Føresette, familiar og andre ungdommer og  vaksne kan også ta kontakt dersom dei er uroa for ein ungdom.

Kva kan du snakke med oss om?

Du kan snakke med oss om det meste, til dømes:

  • ting som er vanskelege heime  
  • vennskap, konfliktar eller einsemd  
  • stress, uro eller psykisk helse  
  • rus eller kriminalitet  
  • skule, fråvær eller fritid  
  • det å kjenne seg utanfor  
  • bekymring for ein ven  
  • spørsmål om ungdomsmiljø eller tryggleik  

Vi kan også hjelpe deg vidare til andre tenester dersom du ønskjer eller treng det.

Slik jobbar vi

Utekontakten jobbar oppsøkjande og førebyggjande. Det betyr at vi er til stades der ungdom er, og byggjer relasjonar og tillit over tid.

Vi:

  • er ute i ungdomsmiljøa  
  • besøker skular og fritidsarenaer  
  • snakkar med ungdom og føresette  
  • samarbeider med skule, politi, SLT-koordinator, helsetenester og andre hjelpetenester  
  • hjelper ungdom vidare til rett støtte når det trengst  

All kontakt med oss er frivillig.

Tausheitsplikt og tryggleik

Det du fortel oss blir behandla med respekt og teieplikt.

Dersom vi blir alvorleg uroa for at du eller andre ikkje er trygge, kan vi måtte kontakte andre hjelpetenester for å sikre hjelp og tryggleik. 

Treng du hjelp no?

  • Ved akutt fare, ring 113
  • Treng du politiet, ring 02800 eller 112
  • Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111
  • Barnevernsvakta i Ålesund: 915 76 020