Du bur i ein Av-og-til-kommune!

Saman med alkovettorganisasjonen Av-og-til jobbar vi for å redusere dei negative følgjene av alkoholbruk i samfunnet og gjere kvardagen tryggare for alle.

Kva er alkovett?

Alkovett handlar om å ha eit reflektert forhold til alkoholvanane sine;  tenk igjennom om du skal drikke, og når du skal stoppe. Godt alkovett er viktig på alle arenaer, om det er på arbeidsplassen, heime, på fritida, på stader der barn ferdast, og på ulike sosiale møteplassar.

Alkoholførebygging – ei viktig kommunal oppgåve

Alkohol er det rusmiddelet som forårsakar mest helseskade i Noreg. Det er berekna at alkoholbruk kostar samfunnet opp mot 100 milliardar kroner i året gjennom tapt helse og livskvalitet, sjukefråvær og kostnader til helse- og velferdstenester. Samfunnet har derfor mykje å tene på å førebyggje skadeleg alkoholbruk i befolkninga.

Alkoholførebygging har ein naturleg plass i det lokale folkehelsearbeidet og arbeidet i kommunen med å sikre gode oppvekstmiljø. 

Logo for Av-og-til - Klikk for stort bilete

Kva er Av-og-til? 

Av-og-til blei etablert på Stortinget i 1981 under namnet AlkoKutt og har heile tida vore ein brei og samlande aktør på førebyggingsfeltet på tvers av både politiske og andre skiljelinjer. 

Bak Av-og-til står breidda av det frivillige Noreg, mellom anna frivillige organisasjonar, politiske parti og organisasjonar innanfor rus- og førebyggingsfeltet. Les meir på nettstaden avogtil.no.

Av-og-til er finansiert via Helsedirektoratet, mellom anna for å hjelpe norske kommunar med alkoholførebygging. Av-og-til nyttar ein førebyggingsmetode som vi i kommunen tilpassar etter våre behov, ønske og idear.  

Alkovett og temaer