Tiltaket skal gi tett og heilskapleg støtte i hverdagen til ungdommar som har vore involverte i kriminalitet, eller som står i fare for å bli det. Ein fast oppfølgjar jobbar tett med ungdommen og familien over tid for å skape varig endring og ein tryggare kvardag.
Kva omfattar tenesta?
Ungdommen får éin fast vaksen oppfølgjar å halde seg til. Oppfølgjaren har ansvar for berre nokre få ungdommar samstundes, noko som gjer det mogleg å vere tett på – i periodar nesten dagleg.
Oppfølginga skjer arena-fleksibelt, som betyr at oppfølgjaren møter ungdommen der hen er: i heimen, på skulen eller i fritida. Tenesta er praktisk støtte og relasjonsarbeid i kvardagen, ikkje behandling eller straff.
Tenesta hjelper til med:
- Å meistre skulekvardagen og sikre eit stabilt skule- eller dagtilbod.
- Å meistre kvardagsrutinar og halde avtalar.
- Hjelp til å handtere konfliktar og vanskelege situasjonar.
- Innhald i fritida, med eit mål om deltaking i minst éin fast fritidsaktivitet i veka basert på interessene til ungdommen.
- Koordinering av hjelpeapparatet, slik at familien slepp å halde styr på mange ulike møte og instansar.
- Gjennom éin-til-éin-oppfølginga kan ungdommane også få arbeidstrening, med tett oppfølging frå den faste éin-til-éin-oppfølgjaren. Erfaring viser at det å ha ein jobb å gå til gir meistring, struktur og nye fellesskap.
Kven passar tiltaket for?
- Ungdom i alderen 12 til 18 år busette i Ålesund kommune.
- Ungdommar som har vore involverte i kriminalitet, eller der det er stor bekymring for rekruttering til kriminelle miljø eller varig utenforskap.
- Ungdommar som har behov for tett, koordinert og langvarig vaksenstøtte på tvers av ulike arenaer.
Kriterium og vilkår
- Frivillig og samtykkebasert: Tiltaket krev samtykke frå både ungdommen sjølv og foreldre/foresatte. Det er eit krav at familien er motivert for å samarbeide og delta aktivt i prosessen.
- Eit fast lag rundt ungdommen: Det blir laga ein plan med konkrete mål. Ungdommen vel sjølv ut viktige vaksne (frå skule, familie, fritid eller hjelpeapparat) som utgjer eit fast lag rundt ungdommen for å sikre at alle dreg i same retning.
- Tverretatleg samarbeid: Tiltaket er forankra i SLT-samarbeidet i kommunen og blir gjennomført i tett partnarskap med politiet, barnevernstjenesta og skulen.
Korleis søke eller bli med?
Det er ikkje mogleg for privatpersonar å søke direkte på denne tenesta via eit opent søknadsskjema.
- Tilvising: Ungdom blir tilviste til ordninga via barnevernstjenesta eller politiet.
- Vurdering: Saka blir drøfta tverrfagleg i kommunen sitt koordinerande apparat (SLT) for å vurdere om éin-til-éin-oppfølging er det rette tiltaket, og om det er ledig kapasitet.
Dersom du som forelder, skuletilsett eller samarbeidspartnar er sterkt bekymra for ein ungdom, må du kontakte barnevernstjenesta eller det førebyggjande politiet lokalt, som kan ta saka vidare inn i SLT-systemet.
Pris
Tenesta er gratis.
Forankring
Tiltaket er eit tverretatleg samarbeidsprosjekt forankra i Ålesund kommune sitt kriminalitetsførebyggjande arbeid (SLT). Prosjektet er støtta av Sekretariatet for konfliktrådene og byggjer på nasjonale modellar for intensiv ungdomsoppfølging.