Jobbtilbod og mentorordning for barn og unge

Har du ein ungdom som har ei begynnande utfordring rundt utanforskap, avvikande åtferd og rus? 

Prosjekt Rundskue handlar om meistring som moglegheit for ungdom mellom 12 – 19 år. Hovudmålet er å gi dei unge ein medverknad over eige liv. Gjennom prosjektet vil koordinator Sindre Olsen vere eit bindeledd mellom ungdom, føresette, mentor, næringslivet, skule og andre samarbeidspartar. 

Mentor 

Treng ungdommen ein mentor, ein som kan vere der etter skuletid og i helgar for å finne på aktivitetar, gjere lekser eller å ha nokon å prate med? Om ungdommen er mellom 12 – 19 år kan ein søke om ein mentor gjennom prosjekt Rundskue. Ungdommen er med på å «handplukke» mentoren sin. Mentoren skal gi ungdommen positive opplevingar, tilhøyrsel, annerkjennelse og meistring. Relasjonen mellom ungdommen og mentor har både ein sosial og praktisk funksjon, og inneber eit forpliktande og likeverdig samarbeid. Mentor blir lønt gjennom prosjektet og får tett oppfølging frå prosjektkooridnator. Ein kan få opp til 8 timar i veka med eigen mentor. 

Arbeidstiltak 

For ungdommar mellom 16 – 19 år kan ein søke om å få lønnsstøtte til ein jobb. Saman med prosjektkoordinator kan ein komme med ønske om kvar ein kunne tenke seg å jobbe. Ungdommane er lønte gjennom prosjektet, men dei ulike bedriftene følgjer opp ungdommane og inkluderer dei i arbeidslivet i dei ulike bedriftene. Med gode arbeidstiltak kan ein få høve til meistring og tilhøyrsel. Arbeidstiltaket er ikkje i staden for skule, men i tillegg til. Ein kan få opp til 8 timar pr veke med lønnsstøtte for arbeid. 

Prosjektet er lågterskel og ein treng inga tilvising. Føresette, skular eller andre hjelpetenester kan ta kontakt. 

Har du spørsmål eller ønsker å drøfte ei utfordring for å sjå om ei mentorordning eller jobb er rett tiltak for din ungdom? Ta kontakt med prosjektkoordinator Sindre Olsen.