Bli fosterheim
Barn som ikkje kan bu hos foreldra sine, treng trygge vaksne som kan gi omsorg, støtte og stabile rammer i kvardagen. Som fosterheim opnar du heimen din for eit barn eller ein ungdom som treng ein trygg plass å høyre til.
Kva er ein fosterheim?
Ein fosterheim er ein vanleg heim der fosterforeldra tek det daglege omsorgsansvaret for eit barn eller ein ungdom som ikkje kan bu hos foreldra sine. Målet er å gi barnet tryggleik, omsorg og gode oppvekstvilkår.
Kven kan bli fosterheim?
Det finst ikkje éin type familie som passar som fosterheim. Både familiar, par og einslege kan bli fosterforeldre.
Det viktigaste er at du har tid, omsorg og overskot til å gi eit barn ein trygg og føreseieleg kvardag.
Det er behov for ulike fosterheimar
Fosterbarn er like ulike som alle andre barn. Men dei har eitt behov til felles: trygge vaksne som er der i kvardagen. Nokon som kan lage middag, hjelpe med lekser, setje grenser, heie frå sidelinja og vere til stades når livet er både fint og vanskeleg.
Nokre barn treng ein heim i ein kortare periode, medan andre treng ein fosterheim gjennom store delar av oppveksten.
Det er også behov for fosterheimar som kan ta imot barn og unge på kort varsel når situasjonen er akutt.
Vil du vite meir?
Er du nysgjerrig på kva det inneber å vere fosterforelder?
Ta kontakt med Inntak og fosterheimsrekruttering Ålesund (Bufetat) . Dei svarer på spørsmål og fortel meir om korleis ein blir fosterheim. Det er heilt uforpliktande å ta kontakt.
Vakttelefon for fosterforeldre
Vakttelefon for fosterforeldre i Midt-Norge er telefon 46 61 74 10. Her kan fosterforeldre få råd og rettleiing i akutte og utfordrande situasjonar. Vakttelefonen er bemanna etter ordinær arbeidstid (kvardagar kl. 15.30–08.00), i helgar og alle høgtider.