Autisme ungdomsgruppe

Er du mellom 14-18 og har ei diagnose i autismespekteret? Då er du velkomen til dette gruppetilbodet. 

Ungdommer i en sirkel som holder hendene sammen i midten. - Klikk for stort bilete Shutterstock

Dette er et tilbod for ungdom i alderen 14-18 år som bor i Ålesund kommune og som har diagnose på autismespekteret. Til dømes Aspergers syndrom eller uspesifisert, gjennomgripande utviklingsforstyrring, såkalla “høgtfungerande” autisme.

Gruppa skal møtast sju gonger. Målet er at deltakarane skal lære meir om autisme, om seg sjølv og måter dei kan handtere utfordringane sine og bruke styrkane sine på. Eit anna viktig mål er at det skal vere ein hyggeleg og trygg møteplass, der ein kan treffe andre ungdommar som har det litt på same måte som ein sjølv. 

Vi skal i tillegg halde to foreldresamlingar der foreldre kan bli kjende med kvarandre, diskutere aktuelle tema, utveksle nyttig informasjon og få rettleiing.

Praktisk informasjon

  • Det er gratis å delta
  • Stad: Moa helsehus, møterom øst i 1. etasje
  • Forsamtalar blir 24. og 25. mars.
  • Tal på plassar: 6 stk.
  • Påmeldingsfrist: 20. mars.
  • Kvar samling varer i 1,5 timar, kl. 14.30-16.

Dagane er lagt opp slik: 

  • 14.30-15.15: Tema for dagen.
  • 15.15-15.55: Snacks og felles aktivitetar (F.eks. Hei-spelet, Hangman, Kahoot eller brettspel).
  • 15.55-16.00: Informasjon om neste samling og avslutning.

Datoar 2026:

  • Måndag 27. april. Dagens tema: Slik er eg. Interessene mine og hobbyar. Vi blir kjende med kvarandre.
  • Måndag 4. mai. Dagens tema: Autisme. Kort gjennomgang av diagnosevilkår. Kva kan være vanskeleg når ein har autisme og kva for styrker er det i diagnosen.
  • Måndag 18. mai. Dagens tema: Stress. Toleransevinduet og stressmodellen. Korleis håndtere stress og sterke følelser.
  • Tirsdag 26. mai. Dagens tema: Skule.
  • Måndag 1. juni. Dagens tema: Relasjonar. Det sosiale samspelet. Endringar i ungdomstida.
  • Måndag 8. juni. Dagens tema: Relasjonar. Det sosiale samspelet. 
  • Måndag 15. juni. Dagens tema: Avslutning av gruppa med feiring. (Sushi workshop eller pizza).

 

Gruppeleiarar er Karolina Debska, psykolog ved Familiestøttande tenester og Sonja Sætre, familierettleiar ved Familiestøttande tenester.

Gruppeleiarane skal gjennomføre ein individuell samtale med alle deltakarane og foreldra deira før oppstart av gruppa. Dette for å bli kjend med kvarandre og staden (lokalet), samt for å vurdere om tilbodet passar for ungdommen.

Deltakarane bestemmer sjølv kor mykje dei ønskjer å snakke eller delta i gruppa. Det er greit å vere stille og ikkje komme med spørsmål eller kommentarar. 

Viss du/de ikkje allereie har kontakt med oss, ber vi om at de fyller ut og sender oss ein søknad. 

 Søknad om familiestøtte

Du kan og sende ein søknad på papir (PDF, 625 kB) og sende det i posten til Familiestøttande teneste, Postboks 1521, 6025 Ålesund. Vi vil ta kontakt når vi har motteke søknaden.