Barn og unges helseteneste

Barn og unge som opplever psykiske helseplager skal få meir samordna og heilheitlege helsetenester gjennom samarbeidet “Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal” .

Ålesund kommune deltek i satsingen "Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal". Dette er eit samarbeid mellom alle kommunane i fylket og alle dei fire poliklinikkane for psykisk helsevern for barn og unge (BUP) i Møre og Romsdal. 

Med samarbeid på tvers av kommunane og spesialhelsetenesta skal vi tilby meir samordna og heilheitlege helsetenester til barn og unge som opplever psykiske helseplager. Målsettinga er at barn og unge skal får rett hjelp, på rett stad, til rett tid.  

Samhandlingsforløp

I satsinga "Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal" har brukarane av kommunale tenester og spesialisthelsetenesta saman med fagfolk samarbeidd om å utvikle samhandlingsforløp for dei sju vanlegaste psykiske helseplagene hos barn og unge. 

Forløpa fungerer som eit kart over tenestene og gir oversikt over dei ulike rollene og ansvarsområda til tenestene. Forløpa er først og fremst utforma for fagfolk i tenestene, men informasjonen er tilgjengeleg for alle. Det finst eigen informasjon for barn, unge og foreldre/føresette. 

Dei sju samhandlingsforløpa: 

 

Dialogbasert inntaksmøte

Dialogbaserte inntaksmøtet er eit fast felles inntaksmøte mellom kommunale tenester og BUP i Helse Møre og Romsdal. Dette er eit av tiltaka i satsinga Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal. Møtet tar opp saker der det er usikkerheit om kva teneste og nivå brukaren skal få hjelp frå. Komplekse saker kan også drøftast i møtet. Dersom det er tid, kan ein òg ta opp generelle saker som er relevante for barn og unge med psykiske helseutfordringar.

I Ålesund starta vi opp i september 2024, og så langt har vi hatt gode erfaringar med møta. Dei har bidrege til å avklare tidlegare kven som skal følgje opp saka, og har styrka samarbeidet mellom tenestene.

Den som tar opp ei sak i det dialogbaserte inntaksmøtet, innhentar på førehand samtykke frå foreldre eller føresette til barn og ungdom, enten munnleg eller skriftleg, i tråd med gjeldande reglar for personvern. Etter møtet får ein tilbakemelding om kven som skal følgje opp saka.

Vil du vite meir?

Barn og unges helseteneste arbeidar aktivt med ulike tiltak, på ulike nivå, for å bedre samhandlinga rundt barn og unge. Kompetanseheving knytt til dei psykiske helseplagene er eit av desse.  

Her kan du lese meir om Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal og ulike kurs og arrangement (helse-mr.no)