Einslege mindreårige flyktningarEinslege mindreårige er barn og unge som kjem åleine til Norge. Dei blir busette i bufellesskap med døgnbemanning og får dagleg oppfølging. Sist endra 11.12.2024 10.33 Ålesund kommune har for tida eitt bufellesskap for einslege mindreårige flyktningar. Bufellesskapet Avdeling for einslege mindreårige flyktningar utgjer ei av tre avdelingar i Verksemd Integrering. Avdelinga rommar inntil 9 ungdommar, hovudsakleg i aldersgruppa 15-18 år. Dei faste tilsette miljøterapeutene i bufellesskapet går i medleverturnus. Avdelinga har eigen dagleg leiar. I tillegg til dagleg omsorg, oppfølging og fokus på det å fungere best mogleg i det norske samfunnet, er det eit sentralt mål at ungdommane skal få fullført grunnskole, vidaregåande skole eller anna yrkeskvalifiserande opplæring.Integrering Ansvarleg for tenestaIntegrering