- Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) ber kommunane om å busette flyktningar.
- Det er politikarane i Ålesund som tar endeleg avgjersle på kor mange flyktningar som skal busettast i vår kommune.
- Flyktningkontoret har ansvar for tilrettelegging og gjennomføring av busetting og kvalifisering gjennom introduksjonsprogrammet
Busetting og oppfølging
Flyktningen/familien får oppfølging og praktisk bistand i startfasen. Vidare får dei rettleiing om helse, økonomi, bustad og deltaking i arbeids- og samfunnsliv. Dette arbeidet er basert på eit godt samarbeid med ulike instansar som for eksempel helsestasjon og Vaksenopplæringa. Vi samarbeider også med Kultur og frivillige organisasjonar, og legg til rette for deltaking i fritidsaktivitetar.
Introduksjonsprogram
Nyankomne flyktningar mellom 18 og 55 år skal delta i introduksjonsprogram i kommunen dei er busett i. Målet er at dei skal lære seg norsk og kome raskt ut i arbeid eller utdanning. Programmet inneheld blant anna opplæring i norsk, samfunnsfag og arbeids- eller utdanningsretta tiltak.
IMDi si brosjyre «Velkommen til introduksjonsprogrammet» er på fleire språk.
Det må vere inngått ein avtale om busetting mellom Ålesund kommune og utlendingsmyndigheitene for kvar enkelt person som skal delta i introduksjonsprogrammet. Ålesund kommune skal tilby introduksjonsprogram til dei som er omfatta av integreringslovens § 9. Fullstendig informasjon om introduksjonsordninga finn du på nettsida til Integrerings- og mangfoldsdirektoratet. (Imdi.no)
Våre sentrale arbeidsområde:
- Behandle og innvilge søknadar om introduksjonsprogram og permisjonar.
- Kartlegging av kvalifikasjonar og bakgrunn for den enkelte.
- Utarbeide individuell plan i samarbeid med introdeltakaren og Vaksenopplæring
- Individuell oppfølging som følge av individuell plan.
- Samarbeid med Vaksenopplæringa og eventuelt andre aktørar, arbeidsgivarar, NAV, bustadkontor, helsestasjon, frivillige organisasjonar
- Godkjenning og vurdering av utdanningsdokument via Nokut og Samordna opptak
Avdelinga følger opp flyktningane med arbeid eller utdanning som mål. Den individuelle planen blir brukt aktivt og er retningsgivande i dette arbeidet. Målet er at minst 75 prosent av deltakarane i introduksjonsprogrammet går over i arbeid eller utdanning etter endt program og blir økonomisk uavhengige.
Ålesund kommune tilbyr ikkje introduksjonsprogram til personar som ikkje har rett og plikt til program.
Telefon verksemd Integrering: 95 41 89 88
Verksemdleiar Bernt Are Wiig
Avdelingsleiar Sam Gobert