Saker til behandling i formannskapet 14. april

Formannskapet i Ålesund kommune møtast tysdag 14. april klokka 09.30 for å behandle fleire viktige saker. Nokre av sakene blir løfta særleg fram fordi dei blir foreslått sende på høyring.

Politiker ber om ordet - Klikk for stort bilete Kristin Graskopf Ose

Blant desse er forslag om kommunal garanti til Spjelkavik Idrettslag, og høyring om endringar i SFO ordninga.

Garanti til Spjelkavik Idrettslag

Spjelkavik Idrettslag er ein viktig aktør i lokalsamfunnet og tilbyr aktivitet til mange barn, unge og vaksne. I denne saka skal formannskapet ta stilling til om Ålesund kommune kan stille lånegaranti i samband med eit pågåande kunstgrasprosjekt i regi av idrettslaget. 

Kommunedirektøren stiller seg positiv til saka og rår til at kommunen stiller garanti for prosjektet. Det blir samstundes sett klare vilkår for garantien, mellom anna maksimal ramme, nedbetalingstid og krav om bruk av spelemidlar og momskompensasjon til nedbetaling av lånet. 

Høyring om SFO ordninga

SFO er eit viktig tilbod i kvardagen for mange familiar i Ålesund. I møtet blir det foreslått å leggje endringar i SFO ordninga ut på høyring.

Kommunedirektøren rår til høyring for å sikre brei medverknad. Målet er å få innspel frå føresette, tilsette og andre som har erfaring med ordninga, slik at vidare politisk behandling bygger på kunnskap om behov og erfaringar i kvardagen.

Følg møtet på Kommune TV

Møtet i formannskapet er ope for publikum og kan følgjast direkte på Kommune TV. Der finn du også sakspapir og informasjon om vidare politisk behandling.