Siste nytt

Har du sendt søknad om byggeløyve til Ålesund kommune? Ei fast gruppe samansett av  byggesaksbehandlarar går no gjennom innkomne søknader to gongar i veka for å sikre lik saksbehandling.

 

Kystdirektøren har måndag 3. februar lagt fram ei utgreiing om ny framtidig organisering av Kystverket.  – Dette er ein fagleg svært solid utgreiing som vil gi samfunnet meir Kystverk for mindre pengar, seier ordførar Eva Vinje Aurdal.

  
Helge Veum (44) stabssjef for teknologi og innovasjon i Ålesund kommune, er av Kongen i statsråd i dag personleg oppnemnd til Rådet for Statistisk sentralbyrå for perioden 2020 – 2023.

NTNU og kommunen signerte 30. januar 2020 ein avale om samarbeid om smart helse og velferd. Avtalen skal blant anna bygge opp primærhelsetenesten som ein arena for forsking og nyskaping - noko som vil kome innbyggarane til gode.

Formannskapet i Ålesund kommune tildelte på tysdag 21. januar årets stønad til festivalar i kommunen. I alt var det søkt om støtte på i alt kr. 1 790 000.

ÅRIM har ein app som heiter Min Renovasjon. App-en varslar om når folk har tøming av avfall. I samanheng med kommunen har fått nytt kommunenummer må du som har app-en registrere adressa på nytt, viss ikkje vil ikkje varslingstenesta virke.

Ålesund kommune ønsker velkommen til Dagrun Lorgen Jensen som ny leiar for politisk sekretariat.

Ålesund kommune har tilsett leiar for plan, byggesak og geodata, Edvard A. Devold, og  interimleiar for vatn og avløp, Jesper Sode Hansen.

Vassmålaren din skal avlesast  i slutten av januar 2020 når du mottek ein sms frå kommunen.

Frå 1. januar 2020 er det forbod mot fyring med fosil olje (parafin og fyringsolje).

Til toppen