Shutterstock
Anskaffingar
Kommunane i eKommune Sunnmøre deltek i eit innkjøpssamarbeid.
Samarbeidskommunane er bundne av og plikter å vere lojale til dei til ein kvar tid gjeldande rammeavtalar som er inngått. Innkjøp av fagsystem skal vurderast av fagsamarbeidsgruppene før innkjøp blir gjort. I henhold til Samarbeidsavtalen, skal samarbeidskommunane søkje å standardisere fagsystema i størst muleg grad.
Universell utforming av IKT-løysingar
Leverandørar av IKT-løysingar kan leggje inn informasjon om korleis deira løysing svarer på kriteria for universell utforming direkte i uustatus.no, slik at offentlege verksemder kan bruke denne informasjonen til å lage tilgjengelegheitserklæringar.
Leverandørportalen for uu-status
Faktura
Alle fakturaer til eKommune Sunnmøre skal sendast elektronisk i EHF-format.
Faktura skal merkast med referansenummer 170030.
- Referansenummer skal plasserast i feltet Deres ref.
- På EHF-fakturaen visast feltet som Invoice/Buyer Reference.
- I XML-filen visast AccountingCustomerParty/Party/Contact/ID
- Merk at feltet IKKJE skal innehalde tekst, berre eit referansenummer
Les meir om korleis merke og sende faktura.