Dersom du har privat vassforsyning som privat brønn eller hentar vatn frå ei elv eller vatn, er du sjølv ansvarleg for at du har nok vatn og at vatnet er helsemessig trygt å drikke, klart og utan markant lukt, smak eller farge.
Ålesund kommune har ansvar for drikkevatnet kun til dei som er påkopla kommunalt leidningsnett.
Godkjenningsplikt og prøvetaking
Dersom du er einaste hushaldninga i ei privat løysing, har du ikkje noko godkjenningsplikt, men du har likevel krav om god kvalitet på vatnet (Drikkevassforskrifta § 5). Sjølv om du ikkje har krav om å ta prøver av vatnet, vil det sjølvsagt vere lurt uansett.
Dersom de er to eller fleire hushaldningar som har ei privat løysing i lag, skal løysinga registrerast hos Mattilsynet og de må ta jamlege prøver av vatnet. Eigar av vassverket er ansvarleg for at prøvene blir tatt og Mattilsynet har tilsyn med at vassprøvene blir tatt slik regelverket krev.
Slik kan du med privat løysing sikre trygt drikkevatn
Sjølv om krava i drikkevassforskrifta ikkje gjeld deg som eig ei enkeltvassforsyning, så kan krava likevel vere nyttige å følgje.
- Tenk gjennom om der er noko farar som kan gjere at drikkevatnet ikkje er helsemessig trygt, som tilsig, for eksempel frå beitande dyr.
- Beskytt drikkevatnet mot forureining og gjer tiltak som sikrar at drikkevatnet er trygt.
- Behandle drikkevatnet for å fjerne forureiningar. Behandlinga bør tilpassast vasskvaliteten og kan vere for eksempel UV-stråling eller koking av vatn som skal brukas til drikkevatn eller matlaging.
- Sjekk kvaliteten ved å ta prøver.