Ut frå søknaden din avgjer kommunen om planeringa krev løyve etter forskrifta.
I tillegg til at tiltak med bakkeplanering er søknadspliktig etter forureiningsforskrifta kan tiltaket også vere søknadspliktig etter andre lovverk:
- Tiltak med bakkeplanering medfører ofte terrengendringar, og dette kan vere søknadspliktig etter plan- og bygningslova.
- Det kan også vere punkt i kommuneplanen som avgrensar kva slags tiltak som kan gjerast.
- Dersom tiltaket gjer at dyrka areal vert tatt i bruk til andre formål enn jordbruk, permanent eller midlertidig, må det også giast løyve til omdisponering etter jordlova.
- Dersom bakkeplaneringa medfører nydyrking med opparbeiding av ny dyrka mark, kan tiltaket vere søknadspliktig etter nydyrkingsforskrifta.