Det er ikkje tilstrekkeleg å oppgi namn og fødselsdato.
Legitimasjonen til veljaren skal innehalde namn, fødselsdato og ansiktsfoto. Eksempel på godkjent legitimasjon er pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (også digitalt) og bankkort med bilde.
Slutt på å få tilsendt valkort
Har du stemmerett, vil du få tilsendt informasjon frå Valdirektoratet, men dette er ikkje lenger i form av eit valkort med strekkode som kan skannast. Valfunksjonærane må dermed taste inn dei elleve siffera i fødselsnummeret ditt – eventuelt søke deg opp i manntalet ved hjelp av anna informasjon.
Informasjonen frå Valdirektoratet blir som hovudregel sendt elektronisk til di digitale postkasse (Digipost eller e-Boks). Har du reservert deg mot digital kommunikasjon med det offentlege, mottar du informasjonen i di fysiske postkasse.
Informasjonen frå Valdirektoratet vil innehalde nyttig informasjon om valet, men du treng ikkje ha dette med når du skal stemme. Det einaste du treng vise fram er gyldig legitimasjon.