Kven kan stemme ved stortingsvalet?
Du har stemmerett ved stortingsvalet 2025 dersom oppfyller desse vilkåra:
- Er norsk statsborgar
- Har fylt 18 år innen utgangen av 2025
- Er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Noreg
Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og husstanden deira har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfyller busettingskriteriet.
Les meir om manntal og stemmerett på valg.no
Kven kan stemme ved sametingsvalet?
- Du må ha fylt 18 år innan utgangen av valåret
- Du må også vere registrert i Sametinget sitt valmanntal.
- Dersom du er same frå Sverige, Finland eller Russland, må du ha vore folkeregistrert i Norge dei tre siste åra før du kan registrere deg inn i Sametinget sitt valmanntal.
Sjå meir informasjon på Sametinget sine sider.
Står du i manntalet?
Du er innført i manntalet i den kommunen der du ifølgje Folkeregisteret budde 30. juni 2025.
Frå fredag 11. juli til og med valdagen ligg utleggingsmanntalet for Ålesund kommune til offentleg ettersyn på innbyggartorget i Ålesund rådhus. Då kan du sjå om du står registrert og er manntalsført i Ålesund.
Sametinget sitt valmanntal for Ålesund kommune blei lagt ut på innbyggartorget 9. juli.
Kva treng du for å stemme?
I år får du ikkje valkort. Har du stemmerett, vil du få informasjon om valet frå Valgdirektoratet anten digitalt eller i postkassa.
Dei som er registrert i Sametingets valmanntal vil få tilsendt valkort for sametingsvalet.
Du treng ikkje å ta med informasjonsbrev eller valkort for å stemme, berre legitimasjon med bilde.