UngdomsrådetUngdomsrådet er eit rådgivande organ for kommunen. Det skal få alle saker som gjeld levekår for ungdom, til behandling. Sist endra 18.11.2025 13.27 Ung og engasjert? Er du mellom 14 - 18 år? Da kan du bli med i ungdomsrådet! Søknadsfristen er 15. desember 2025.Hvordan bli med i ungdomsrådet? Innbyggarane sin medverknad i kommunale prosessar der ein skal ta ei avgjerd, er ein viktig del av eit levande lokaldemokrati. Ungdom er ofte underrepresentert i folkevalde organ. Det er nødvendig at ungdom får uttale seg for å sikre at ein er klar over dei konsekvensane vedtaket får for dei gruppene som det gjeld.Lovfesta ordningar for medverknad skal sikre ei brei, open og tilgjengeleg medverknad i saker som gjeld ungdom og bidreg til at sakene vert betre opplyste.Ungdomsrådet skal ha 9 medlemmar og 11 varamedlemmar. Ungdomsrådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem dei unge. Valperioden for ungdomsrådet er to år.Rettleiar for ungdomsrådLeiar og nestleiar per i dag:Leiar: Tonje Halonen Giske Nestleiar: Alfred Steinberg Ebbesvik Sjå medlemmar, møteplan og dokument for ungdomsrådet