Kulturplan Ålesund kommune 2026 - 2038

Den nye kulturplanen til Ålesund kommune er no på høyring. Frist for innspel er 7. november.

Illustrasjon av ulike kulturaktiviteter - Klikk for stort bilete

 

Høyring av planen

Meld deg på høyringsmøte

Det vert halde 4 høyringsmøter. Her kan du få informasjon om planen og spørje om det du lurar på. 

Meld deg på møte her:

29. september kl. 18 - Gomerhuset, Skodje

30. september kl. 18 - Ørskog kulturhus 

01. oktober kl. 18 - Moa kultursenter

02. oktober kl. 18 - Nærmiljøkafeen i Sandøytunet

Informasjon om kulturlivet gjennom medverknad

Hovudutval kultur og oppvekst er politisk ansvarleg for planen. 

2.12.24 vart det gjennomført eit seminar der målet var å gi rom for å løfte politiske innfallsvinklar (DOCX, 21 kB).

Dei politiske råda og kommunedelsutvala har handsama oppstart av planarbeidet og gitt sine innspel (PDF, 139 kB) i  september 24. Dei har også utnemnt representant til referansegruppa.

Dei kommunale råda har også handsama oppstart av planarbeidet i september 24 og gitt innspel. (PDF, 126 kB)

Samhandling med kulturlivet og andre relevante aktørar 

13. mars 25 deltok over 100 aktørar i eit innspelsmøte om innhald til ny kulturplan. Tema var: Korleis lagar vi ein plan som gir næring og vekst til heile kulturlivet? Kvar trykker skoen? Tenker vi for smått? Her finn du oppsummering av dette møtet.  (PDF, 7 MB)

Skriftlege innspel

Det vart også opna for skriftlege innspel til planen før utarbeiding av høyringsutkast. Det kom inn 9 skriftlege innspel.  (DOCX, 23 kB)

Intern medverknad i kommuneadministrasjonen

Gode råd (PDF, 2 MB)frå ein dialogkafè med dei kommunale avdelingane i april 25. 

Kunnskap om kultur i Ålesund

Kulturfeltet og kulturaktørane i Ålesund

Som eit oppspel til kulturplanarbeidet har arbeidsgruppa utarbeidd ei kort oversikt og skildring over kulturfeltet og kulturaktørane. (PDF, 349 kB) Formålet er å sette i gang eit tankearbeid omkring kulturplanarbeidet i Ålesund kommune. Oversikta er ikkje utfyllande, men vert lagt ut som eit oppspel til aktørane og høyringa.

 

Kulturindeks

Norsk kulturindeks for Ålesund seier noko om statusen for kulturlivet i Ålesund. Her vert ein samanlikna med andre komunar og landet.

PULS

Prosjektet Puls er en møterekke for og med kunst- og kulturlivet i Ålesund kommune. I 2023 og 2024 ble det holdt 5 samlingar med 5 ulike tema om kunst og kulturfeltet.  Hovedoppgaven var å undersøke hvordan kunst,
kunstnere og kultur kan stå samlet for bygge et sterkere fagmiljø og å bidra til steds- og tjenesteutvikling.

Planprogram for arbeidet med ny kulturplan

Vi har laga eit planprogram for utarbeiding av kulturplanen. Her legg vi føringane for korleis vi skal jobbe fram planen, for sentrale tema i planen og korleis vi skal få til medverknad. 

Ansvarleg for tenesta