MedverknadHer finn du informasjon om korleis du kan medverke i planarbeidet i ulike delar av prosessen.Opnar for innspelI samband med arealverkstadar for næringslivet opnar vi for nye innspel, med særskilt fokus på næring.Trykk på knappen og gi ditt innspel innan 09.11.2025Gi innspel Kva er dine favorittstadar? Vi lagar ny arealplan for Ålesund kommune og vil ha deg med på dugnaden. Som innbyggjar har du verdifulle erfaringar og kunnskap om nærmiljøet ditt. Fortel oss kva du tenkjer!Gå inn på alesund2040.no eller besøk ditt lokale innbyggjartorg for å seie di meining, sjå kva andre meiner og lese meir om prosessen.Fortel oss kva du tenker Fremtidsverkstader i kommunedelane I oktober blir det gjennomført opne folkemøte i form av Framtidsverkstadar i dei ulike kommunedelane. Fleire detaljar kjem. Sjå møta her: 20. oktober på Skodje kl.18:30 - Jentekolonien, Skodje21. oktober på Ørskog kl. 18:30 - Gamlebanken, Sjøholt22. oktober på Sandøy kl. 18:30 - Nærmiljøkafeen på Sandøytunet, Harøy23. oktober i Ålesund kl. 18:30 - Spjelkavik Arena, Ålesund Fortel oss om ditt nærmiljø Travers Når kan du medverke?Medverknad vil i hovudsak skje i tre fasar av prosjektet ved oppstart av planarbeid og høyring av planprogram. Her kan innbyggarar og interessentar komme med innspel til oppstart. I tillegg blir det lagt opp til gjennomføring av regionalt planforum i høyringsperioden og interne medverknadsmøter. ved utarbeiding av kommuneplanen sin arealdel (planfasen). Det blir lagt opp til medverknad gjennom møter/dialog med innbyggarar, næringsliv osv. Ein plan for medverknad i denne fasa blir utarbeidd og informert om. ved offentleg høyring av utarbeidd planforslag. Sjå fasane i framdriftsplanenOppstart og PlanprogramPerioden for å kome med innspel til oppstart av arealplanarbeidet og til å gi merknad til planprogrammet er no over. Det blir fleire høve til å medverke seinare i prosessen. Følg med på kommunen si nettside. Høyringsperiode 18.02.2025 - 15.04.2025Planprogram (PDF, 10 MB)- vedtatt 24.06.2025 Korleis vurderer vi innspelaAlle innkomne innspel blir vurdert opp mot eitt sett med kriteria for å “sile” ut innspel som skal greiast ut nærare i det vidare planarbeidet. Har du spørsmål? Spørsmål vedrørende arealdelen kan sendast til e-post: postkommuneplan@alesund.kommune.no Sist endra 13.10.2025 12.59