Ålesund mot 2040

Vi skal i dei komande åra jobbe med å oppdatere og tilpasse kommuneplanen sin arealdel (KPA) for å møte kommunen sine behov i framtida. KPA er den viktigaste styringsreiskapen for arealplanlegging og utbygging i kommunen. 

Ålesund kommune lagar ny arealplan, og vi vil ha deg med på dugnaden! Du har verdifull kunnskap om nærmiljøet ditt, og vi vil høyre kva du tenkjer.

Delta ved å gi innspel digitalt på alesund2040.no og på fysiske Framtidsverkstader i din kommunedel.

Sjå kvar den næraste fysiske Framtidsverkstaden er

Fortel oss om ditt nærmiljø
Hendes som blar i papir

Planprogram vedtatt

Planutvalet har fastsett planprogram for kommuneplanen sin arealdel i Planutvalsmøte 24.06.2025. 

Planprogrammet gir eit rammeverk for det vidare arbeidet med arealplanen – kva tema vi skal fokusere på, kva vi treng å greie ut og ta omsyn til, korleis vi legg opp til medverknad m.m.

Sjå planprogrammet (PDF, 10 MB)