Lytt til offentlege kjelder
Ålesund kommune har som mål at du skal få all relevant informasjon om ei krise som gjeld oss på våre nettsider. Vårt råd er derfor å alltid gå til alesund.kommune.no om ei krise oppstår.
Informasjon herifrå vil vi dele i og med andre kanalar. Sentralt her er Facebook, redaktørstyrte medier og brukarsystem (som skule- og barnehageportalen IST Home).
Varsling på SMS
Når viktig informasjon må ut raskt, vil Ålesund kommune sende deg eit varsel på telefon. Varsling skjer ved at det blir sendt ut ein SMS til mobiltelefonar, og ei talemelding til dei som berre er registrert med fasttelefon.
Adressebasert varsling kan til dømes skje:
- ved evakuering
- når du må koke vatnet
- ved vassbrot
Du kan sjekke om du blir varsla og finne meir informasjon om adressebasert varsling her:
Les meir om adressebasert varslingssystem
Flyalarm (tyfon)
Sivilforsvaret har sireneanlegg (tyfonar) for varsling av befolkninga ved akutt fare. I fredstid kan slik varsling vere aktuelt ved gassutslepp frå industri eller dambrot i vassmagasin. I krig kan varslingsanlegga brukast ved fare for flyangrep. Les meir om Sivilforsvaret si varsling av befolkninga.
Dersom internett og telefon ikkje fungerer
Ved straumbrot eller utan nett, er det viktig å vite kvar du får informasjon frå kommunen, og kan melde frå om du treng hjelp. Desse informasjonspunkta er innbyggartorga våre:
- Ålesund rådhus
- Innbyggartorget på Skodje
- Innbyggartorget på Sjøholt
- Innbyggartorget på Steinshamn
Informasjonspunkta vil vere merka med skilt ved inngangen.

Meir informasjon