Vil du rydde i friområde?

Når vi ryddar søppel, hindrar vi at plast og andre materiale endar opp med å føre til død og liding for artar og økosystem.

Arrangér eller bli med på ein ryddeaksjon 

Last ned appen Rydde eller besøk www.ryddenorge.no for å finne ein ryddeaksjon du kan vere med på. Finn du ikkje ein i området? Arranger ein sjølv!

Kontaktinformasjon og andre distributørar, inkludert Attvin, finn de i appen eller på ryddenorge.no

Delta på strandryddeveka

Strandryddeveka er Norge sin største nasjonale ryddedugnad. Slik kan du bidra:

  • Bli med på ryddeaksjon: Sjekk kalenderen på holdnorgerent.no vår eller på ryddenorge.no
  • Arranger sjølv: Samle venner, familie, eller kollegaer og gjer ein innsats
  • Rydd lokalt: Strender, elvar, innsjøar og byrom treng innsatsen din

Søk refusjon for ryddekostnader 

Har du hatt utgifter i samband med frivillig opprydding av marint avfall, kan du søkje om å få kostnader dekt gjennom Hold Norge reint si refusjonsordning

Adoptér ein bit av Norge!

Min bit av Norge er ei nasjonal ordning der alle kan adoptere ei strand, ei elv, ei øy, eit vassdrag eller eit anna område i nærmiljøet sitt og ta vare på dette gjennom å rydde jamleg og førebyggje slitasje og forsøpling. Adopsjonsgruppa – som kan bestå av alt frå 2 til 100 personar – forpliktar seg til å regelmessig rydde opp forsøpling langs eit fast område og registrere det ein finn på ryddenorge.no

Barnas søppelvettregler

Oppdater deg på søppelvitreglane til barna og andre søppelvitreglar på holdnorgerent.no