
Kommunen har fått støtte frå Miljødirektoratet for å arbeide med planen. Eit planprogram vart vedteke av hovudutvalet for teknisk, miljø og samferdsel i november 2025. Planprogrammet skildrar korleis ein skal gå fram for å komme i mål med planarbeidet, og når dette no er vedteke er alt klart for å starte.
Det vil bli gjennomført ulike former for medverknad, før eit planforslag blir lagt fram politisk behandling. Før endeleg vedtak vil planen også bli lagt ut på høyring, det vil då vere råd å komme med innspel.
Du kan lese planprogrammet her
Denne sida vil bli oppdatert fortløpande om arbeidet med planen og gjennomføring av handlingsdelen etter at planen er vedtatt.